15.1 Opptur sørsida til Salen med alpin variant til Bjåstadbreen 1602 moh

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og kryss Botnelvi. Ta opp den nordvestvende flanken som går opp i dalen. Når ein kjem opp i hengedalen fortsett vest opp på den austvende breen. Kryss opp sørsida av Salen til salpunktet. 

Frå Salen kan ein ta ein alpin variant til Bjåstadbreen 1602 moh med å følgje austryggen. Ryggen blir gradvis brattare. Etter kvart må ein ta av skia. Ved omlag 1400 moh kjem ein passasje der ein kryssar ei renne og klatrar opp ein hammar på omlag 20 meter. Når ein når 1500 moh kan ein ta på skia igjen.

  • Lengd: Middels 3–6 timar
  • Lengde nedkøyring: 800 høgdemeter til Salen, 1082 høgdemeter til 1602 moh
  • Brattaste punkt: 30 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh) og 30–33 grader i 200 høgdemeter (1120–1320 moh). Alpin variant til 1602 moh: Toppryggen har ein 20 meter klatre-/klyvepassasje kring 1400 moh.  
  • Farar: Skred og utglidning på den alpine varianten.
  • Tips: Tau, isøks, stegjern og sikringsutstyr

15.2 Ned austsida av Bjåstadbreen E2, MV

Inngangen til austsida er frå nordryggen mot Frudalsvatnet. Etter ein brattare travers sørover kjem ein inn på austflanken. Flanken dreiar nordaust frå salpunktet og ned i Frudalsbotn. 

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Skred, skavl, utgliding og terrengfeller
  • Himmelretning: Aust/nordaust
  • Lengde nedkøyring: 1082 høgdemeter 
  • Brattaste punkt: 43–45 grader i 100 høgdemeter (1500–1400 moh) og 38–40 grader i 100 høgdemeter (1000–900 moh) 
  • Tips: Vêr frå vest bygger toppskavlen
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle.Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

15.3 Opptur nordaustsida til Salen 

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og til der Botnaelvi og Tungelvi møtest. Derfrå skrår ein oppunder nokre klipper og vidare nordover. Ein kjem inn på flatare terreng kring 800 moh. Gå mot Frudalsbotnen og lokaliser den slakaste delen av nordaustsida ned frå Salen. Første delen av nordaustflanken er den brattaste.

  • Lengd: Middels 3–6 timar
  • Lengde nedkøyring: 800 høgdemeter til Salen og 4,4 kilometer
  • Brattaste punkt: 38–40 grader i 100 høgdemeter (900–1000 moh) og 30–33 grader i 320 høgdemeter (1000–1320 moh)
  • Farar: Skred
  • Tips: Alpin opptur frå Salen til Bjåstadbreen 1602 moh, sjå opptur ovanfor

15.3 Ned nordaustsida av Salen  E1, V

Nordaustsida av Salen er ein fin flanke med artig terreng. Flanken startar frå salpunktet og går ned i Frudalsbotn. Det nedre henget ned til Frudalsbotnen er det brattaste. 

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Skred, skavl, utgliding og terrengfeller
  • Himmelretning: Aust/nordaust
  • Lengde nedkøyring: 1080 høgdemeter 
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i 320 høgdemeter (1320–1000 moh) og 38–40 grader i 100 høgdemeter (1000–900 moh)
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

15.4 Opptur Nordsida via Bjåstadbreen

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og til der Botnaelvi og Tungelvi møtest. Derfrå skrår ein oppunder nokre klipper og vidare nordover. Ein kjem inn på flatare terreng kring 800 moh. Gå mot Frudalsbotnen til ein kjem til søraustsida under austenden av Frudalsvatnet. Følg det slakaste terrenget opp til Frudalsvatnet (sommarstien). Kryss Frudalsvatnet og gå opp på Trollkyrkja i vestenden av vatnet. Frå Trollkyrkja går det ein markert ryggformasjon som dreiar mot toppunktet på Bjåstadbreen 1602 moh.

  • Lengd: Lang 5–10 timar
  • Lengde nedkøyring: 1082 høgdemeter og 6,9 kilometer
  • Brattaste punkt: 32–34 grader i 80 høgdemeter (900–980 moh), 40 grader i 100 meter (980–1080 moh) og 30–32 grader i 60 høgdemeter (1100–1160 moh) 
  • Farar: Skred
  • Tips: Det kan vere behov for skarejern 

15.4 Ned nordsida av Bjåstadbreen E2, V

Same veg nedatt som oppturen. Frå austsida av Frudalsvatnet og ned sommarstien til Frudalsbotn er det ei brattare søraustside. Denne kan unngåast ved å gå fra hytta på Frudalsvatnet, og opp til nordaustsida av Salen. Dette gjev 300 nye høgdemeter med flott skikøyring. Følg nordaustflanken 15.3 frå Salen og ned til Frudalsbotn. Ved denne kombinasjonen får ein 1480 høgdemeter god skikøyring.

  • Når: Mars–april
  • Farar: Skred, skavlar, utgliding og terrengfeller. 
  • Himmelretning: Nord og nordaust (sommarstien til Frudalsvatnet er ei søraustside)
  • Lengd nedkøyring: 1082 høgdemeter, bonusopptur gjev 300 nye høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–32 grader i 60 høgdemeter (1160–1100 moh) og 40 grader i 100 meter (1080–980 moh, søraustsida ned til Frudalsbotnen) Alternativ avslutning via nordaustflanken frå Salen, sjå 15.3
  • Tips: Traversen frå hytta ved Frudalsvatnet til Salen er innteikna på oversiktsbiletet for Frudalen
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.