Normalveg E2, V

Gå vegen til dammen, slepp deg ned på vatnet og gå over mot Hesthaugsmarki og opp slakaste veg skråande nordover. Her kan det vere eit herk å gå! Eventuelt kan ein gå meir direkte rett sør for Hesthausva og tråkle seg opp her. Deretter inn på ryggen sør for Kvitesandsgrovi og følg ryggar til breen rett nord for ryggen på Hest. Breen kan vere bratt i fronten og dermed vere oppsprukken her. No følgjer 400 høgdemeter med jamnt breterreng til topps. Ver obs på sprekker i konvekse formasjonar. 

  • Lengd: 4–6 timar
  • Når: Februar–mai
  • Farar: Skred, bresprekker, islagt regulert vatn, komplisert skog og hamrelag/terrengfeller. 
  • Himmelretning: A
  • Lengde nedkøyring: 1250 høgdemeter frå vatnet
  • Brattaste punkt: 35 grader (550–590 moh), 30–35 grader (960–1000 moh) og 30 grader (1180–1200 moh)
  • Tips: Mykje konvekst terreng og lite oppstikkande stein gjer det naudsynt med god sikt for dei beste rutevala. Gode sjansar for laussnø seint på året i skuggen av Hest.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.