Oversikt Frudalen frå nordaust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Nystølsfjellet-Sogn

Nystølsfjellet ligg to kilometer vest for Togga 1205 moh på same fjellryggen. Nordsida til Frudalen har fleire fine nedfartar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1435
    • Høydemeter: 915
    • Kilometer: 4.5
    • Faremomenter: Skred. Det er to parti som er markert brattare enn resten. Det nedre henget har utløpsone i eit belte med tre.
    • Bratteste punkt: 32–34 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timar

    Nystølsfjellet kan vere ein del av ein rundtur der ein kjem frå Gunvordalen (11.1, sjå side 63) og endar i Frudalen. Frå Frudalen kan ein fortsette via Frudalsbreen til Berge i Fjærland. Frå parkeringa i Frudalen er den kortaste vegen til Nystølsfjellet opp nordsida/-ryggen frå Frudalen.  

    11.3 Opptur normalvegen 

    Frå parkeringa ved Frudalstunnelen kryssar ein riksvegen og går over ei bru før tunnelen. Følg nordsida av Frudalselvi vestover. Etter ein kilometer finn ein det slakaste terrenget i nordsida. Følg den slakaste delen av nordsida. Når ein kjem høgre opp i nordsida fortset ein opp flanken på ein ryggformasjon. Denne ryggformasjonen kjem opp på Toggaryggen i lågaste punktet mellom høgde 1340 moh og det bratte partiet aust av Nystølsfjellet (11.1). Følg ryggen ein kilometer til toppunktet på Nystølsfjellet 1435 moh. Delar av denne ryggen kan til tider vere smal og krev stegjern og isøks. Oppturen kan også gjerast via Togga 1205 moh og vestover ryggen til Nystølsfjellet.

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Stigning: Nedkøyring: 915 høgdemeter og 4,5 kilometer
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh), jamt kring 30 grader i 200 høgdemeter (1100–1300 moh) og 34–36 grader i 20 høgdemeter (1200–1220 moh)
    • Farar: Skred. Det er to parti som er markert brattare enn resten. Det nedre henget har utløpsone i eit belte med tre. 
    • Tips: Det kan vere behov for isøks og stegjern eller skarejern

    11.4 Ned nordsida av Nystølsfjellet E2, V

    Inngangen er rett aust av toppen. Den øvste flanken er den brattaste og går ned til ein stor nordbolle. I denne bollen er det litt småterreng. 

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Skred 
    • Himmelretning: Nord og småterreng som vender nordaust og nordvest
    • Lengd nedkøyring: 915 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 37–40 grader i 100 høgdemeter (1420–1320 moh) og 32–34 grader i 100 høgdemeter (800–900 moh)
    • Tips: Kan vere flott på våren etter små snøfall. Sida held godt på tørrsnøen. Frå toppen har ein god oversikt over nedfarten til Frudalen. Unntaket er det siste henget før dalen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Nordsida på Nystølsfjellet 11.4 Foto: Andreas Haslestad
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå