Nystølsfjellet og Togga frå sør. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Nystølsfjellet

Nystølsfjellet ligg to kilometer vest for Togga 1205 moh. For å komme inn til toppen må ein over ein flott og eksponert alpin rygg vest av høgde Togga 1340 moh.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1435
    • Høydemeter: 1015
    • Faremomenter: Skred, terrengfelle, utgliding, klipper og stup
    • Bratteste punkt: 30–33 grader

    Det er to oppturar og to nedfartar på Nystølsfjellet. Den vanlegaste vegen er opptur via Togga, men ein kan også nytte nordsida frå Frudalen (11.3, sjå side 76). Nedfartane er søraustsida ned til Laugadalen og ned nordsida til Frudalen (11.4, sjå side 76) Dette gjer til at ein kan nytte Nystølsfjellet i ein rundtur. Sørsida ned til Laugadalen er krevjande på fleire måtar. Terrenget er eksponert med klipper, stup og det er ei bratt trong renne ein må gjennom for å komme seg ned i dalen.  

    11.1 Opptur via Togga 1205 moh.

    Bruk oppturen 13.1 til Togga 1205 moh frå parkeringa. Frå toppen av Togga følgjer ein ryggen vestover (12.1) ein kilometer til ein kjem til Togga 1340 moh. Der møter ein eit smalt, bratt og eksponert parti på ryggen som er omlag 400 meter langt (11.1). Ofte må ein ta av skia for å komme over dette partiet. Etter dette alpine partiet blir ryggen breiare og ein kan gå på ski til toppen. Frå parkeringa er det 5 kilometer til Nystølsfjellet.

    11.2 Ned søraustsida av Nystølsfjellet E3, V

    Frå toppen av Nystølsfjellet sklir ein søraust til kring 1200 moh. Eit brattare parti fører ein ned i ein bolle. Når ein kjem til slakare terreng dreiar ein meir mot aust og siktar seg inn mot renna som går på vestsida av ein pinakkel/fjellrygg. Ein kan følje vestkanten av renna, eller ein kan krysse renna og følgje austkanten ned til Laugadalen. Denne renna er ofte også eit skredfar. 

    • Når: Desember–mars
    • Farar: Skred, terrengfelle, utgliding, klipper og stup 
    • Himmelretning: Søraust, aust og sør
    • Lengde nedkøyring: 1015 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 30–33 grader i 100 høgdemeter (1400–1300 moh), 40–42 grader i 60 høgdemeter (1300–1240 moh), 33–36 grader i 140 høgdemeter (1240–1100 moh) og 37–38 grader i 300 høgdemeter (1100–800 moh)
    • Tips: Sidan dette er ei bratt sørside, blir snøen ofte solpåverka 
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Ryggen frå Togga mot Nystølsfjellet. Foto: Vegard Vereide. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå