30.2 Opptur

Frå garden følg jordet forbi ein liten dam ved elva. Rett etter dammen er det ei bru over Horpedalselvi. Følg sommarstien opp skogen til Endrestølen. Kryss Fjellgrovi og følg slakaste veg opp nordvestryggen til topps.  

  • Lengd: Lang 5–10 timar
  • Lengde nedkøyring: 1345 høgdemeter og 5 kilometer
  • Brattaste punkt: 32–34 i 120 høgdemeter (540–660 moh), 34–36 i 500 høgdemeter (800–1300 moh) og 42–44 grader i 120 høgdemeter (1300–1420 moh)
  • Farar: Skred og utlaupssoner for skred

30.2 Ned nordvestryggen av Nyastølseggi E2, MV

Nordvestryggen av Nyastølseggi er ein brattare ryggflanke ned til Endrestølen. Følg sommarstien ned til Horpedalen. Første 100 høgdemeterane ned frå Endrestølen er skogen tett. 

  • Når: Februar–april
  • Farar: Konveks inngang, skred og utløpsområde for skred
  • Himmelretning: Nordvest ned til Endrestølen og nord ned til Horpedal
  • Lengde nedkøyring: 1345 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 42–44 grader i 120 høgdemeter (1420–1300 moh), 34–36 i 500 høgdemeter (1300–800 moh) og 32–34 i 120 høgdemeter (660–540 moh)
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.