23.1 Opptur

Frå Anestølen følg Tverrdalen nordover til du kjem til Tverrdalsvotni. Drei aust og gå opp flanken på Tverrdalskyrkja. Følg den slakaste delen av flanken til 1380 moh. Drei mot nord og gå opp ein liten nordflanke til du kjem opp på Torstadmassivet. Drei i austleg retning mot toppen, 1561 moh. 

  • Lengd: Lang 5–10 timer 
  • Lengde nedkøyring: 1116 høgdemeter og nordlege Torstadnakken 7,7 kilometer/Tverrdalstind 9,5 kilometer
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i henget over Tverrdalsvotni, rundt 30 grader i  280 høgdemeter (1200–1480 moh) 
  • Farar: Tverrdalen er ei stor terrengfelle og ein er utsett for store skred frå begge sider. Derfor er dette ein tur som bør gjerast under svært stabile forhold.

23.1 Ned nordlege Torstadnakken E1, LV

Følg nordflanken (snøbre) ned til ein rygg med høgde 1380 moh. Frå ryggen etter nordflanken, drei vestover og følg vestflanken ned til Tverrdalsvotni. Følg Tverrdalen tilbake til Anestølen.

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Terrengfelle i Tverrdalen
  • Himmelretning: Nord og vest
  • Lengde nedkøyring: 1116 høgdemeter til Anestølen
  • Brattaste punkt: Rundt 30 grader i 280 høgdemeter (1480–1200 moh) og 30–33 grader i henget over Tverrdalsvotni
  • Tips: Anbefalt som vårskitur
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog  eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.