4.1 Opptur vest av nordrygggen

Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind vestover. Etter grinda dreiar ein oppover mot Svarteholten. Kring 480 moh dreiar ein vestover mot myrene. Kryss Stølsgrøvene der terrenget flatar ut. Etter elva går ein mot nordryggen til ein brattare passasje. Drei inn på flanken vest av ryggformasjonen. Følg det slakaste terrenget oppover til ein kjem til det lågaste punktet vest av Nonsholten. Deretter følgjer ein søraustsida til topps.   

  • Lengd: Middels 3–6 timar
  • Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter og 3,8 kilometer 
  • Brattaste parti: 30–33 grader i 60 høgdemeter (780–820 moh), 40 høgdemeter (900–940 moh) og i 60 høgdemeter (980–1040 moh)
  • Farar: Skred og terrengfeller

4.1 Ned nordsida av Nonsholten, Vestleg variant E1, GV

Same veg ned som oppturen. Frå toppen sklir ein ned sørsida vestover til inngangen til nordsida. Følg nordflanken nedover traverserer svakt austover, slik at ein kjem inn på flanken vest av ryggformasjonen. Når ein møter vegetasjonen dreiar ein austover og kryssar Stølsgrovene. Skli mot myrene og ned til Gunvordalsstølen.

  • Når: Februar–mai
  • Farar: Skred 
  • Himmelretning: Nord
  • Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i 60 høgdemeter (1040–980 moh), i 40 høgdemeter (940–900 moh) og  i 60 høgdemeter (820–780 moh)
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

4.2 Ned nordsida av Nonsholten, Austleg variant E1, Gv

Følg austleg ryggformasjon nedover. Drei vestover kring 1140 moh. Herfrå byrjar ein nordaustflanke som traverserer ned til eit brattare parti som startar kring 840 moh. Dei neste 60 høgdemeterane er brattare. Etter dette flatar terrenget ut og ein sklir ned til Gunvordalsstølen. 

  • Når: Februar–mai
  • Farar: Skred 
  • Himmelretning: Nord
  • Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i 280 høgdemeter (1140–860 moh) og 34–35 grader i 60 høgdemeter (840–780 moh)
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.