Myrdalsbreen/Voggebreen frå nord. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Myrdalsbreen/Voggebreen

Myrdalsbreen/Voggebreen ligg innerst i Laugadalen og har ei flott nordside ned via Brealægdi til Laugavatnet.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1570
    • Høydemeter: 1150
    • Kilometer: 9.3
    • Faremomenter: Skred, skavl og store utløpsområde for skred
    • Bratteste punkt: 30 grader
    • Tid opp/ned: 5–10 timar

    For å gjere seg kjent med terrenget inst i Laugadalen anbefaler vi å gå første tur inn Laugadalen og opp nordsida via Brealægdi til breen. Ein blir då også kjent med snøforholda i den sida ein skal ha nedfarten i. Ein kan komme til Myrdalsbreen/Voggebreen på mange måtar. Den tradisjonelle turen til Myrdalsbreen/Voggebreen er ein rundtur på fjellski som går frå Hodlekve via breen og ned Friksdalen til Leikanger, alternativt ned Skarholten og sørover til Hella via Stav og Troeggi. Frå Kjerringafjellet 1314 moh i Leikanger kjem ein til Myrdalsbreen/Voggebreen via Kaldekletten 1320 moh og Friksdalseggi 1455 moh. Myrdalsbreen/Voggebreen kan kombinerast på mange måtar, men i dette kapitelet er det turar frå Gunvordalen som er i fokus.

    9.1 Opptur via Laugavatnet

    Start frå parkeringa på Brandhaugadn. Følg traktorvegen inn Gunvordalen/Laugadalen til den sluttar. Kryss Laugi og fortset på sørsida av elva til ein kjem innafor Laugavatnet. Inn til vatnet er det 4,5 kilometer. Skrå vestover mot inngangen til Brealægdi. Det å komme opp i Brealægdi er den brattaste passasjen på denne oppturen. Når ein kjem til den slakaste delen av nordsida kryssar ein oppover og går mot austleg side av skavlen. Drei deretter vest og gå mot austleg eller vestleg toppunkt. Ønskjer ein gå via Strupen og Synnevaskjer kan ein starte turen frå Gunvordal. Sjå opptur for Synnevaskjer. 

    • Lengd: Lang 5–10 timar
    • Lengde nedkøyring: 1150 høgdemeter og 9,3 kilometer
    • Brattaste punkt: 30 grader i 40 høgdemeter (980–1020 moh)
    • Farar: Skred, skavl og store utløpsområde for skred
    • Tips: Rubb glider-voks på fellene. Fellene glir betre bortover og tek til seg mindre vatn. Vatn kan fryse og då kjem klabbane når ein møter turrsnøen. Fellene har like godt feste oppover. 

    9.2 Ned nordsida av Myrdalsbreen/Voggebreen E1, GV

    Frå toppunktet 1570 moh traverserer ein aust på breen til ein får ei fallinje ned mot Brealægdi. Ein får ei markant klippe på austsida (skihøgre). Toppflanken går ned til Brealægdi. Drei austleg og ut av Brealægdi i lavaste punktet. Drei nordaustleg på nedste flanke ned i Laugadalen.  

    • Når: Februar–mai
    • Farar: Skred og terrengfelle 
    • Himmelretning: Nord og nordaust
    • Lengd nedkøyring: 1150 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 33 grader i 100 høgdemeter (1400–1300 moh) og 30 grader i 40 høgdemeter (1020–980 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Fremst i Laugadalen. På veg mot Myrdalsbreen 9.1. Foto: Andreas Haslestad. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå