Oversikt Lammanipa og Frudalsfjellet frå nord. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Lammanipa-Sogn

Lammanipa er ein flott alpin topp med nydeleg utsikt i mange retningar. Her får du utsyn og overblikk over både det alpine terrenget kring Anestølen og mange andre nedkøyringar i området.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1422
    • Høydemeter: 981
    • Kilometer: 6.1
    • Faremomenter: Varden står heilt på kanten og det heng ofte store skavlar mot nord
    • Bratteste punkt: 32–34 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timer frå Selseng

    Nedkøyringar frå Lammanipa finn du i nesten alle himmelretningar, og turen er óg fin frå Frudalen. 

    18.3 Opptur

    Frå Anestølen går du en kilometer inn i Langedalen mot Spartagrovbetnene. Sikt deg inn på lågaste punktet mellom Lammanipa og Oksli. Oppturen følgjer svake ryggformasjonar i terrenget oppover mellom Spartagrovbetnene. Gå til rampa som ligg om lag 1200 moh og følg denne austover for å unngå skavlen før du kjem opp på ryggen. Følg søraustryggen vidare til topps.

    • Lengd: Middels 3–6 timer frå Selseng
    • Lengd nedkøyring: 981 høgdemeter og 6,1 kilometer frå Selseng
    • Brattaste punkt: Rundt 30 grader i 200 høgdemeter (900–1100 moh) og 32–34 grader i 40 høgdemeter (1060–1100 moh) 
    • Farar: Ver varsam med skavlane langs nordaustryggen mot Lammanipa og på nordsida av toppunktet. Varden står heilt på kanten og det heng ofte store skavlar mot nord. Desse kan bli store på grunn av sørvestvêret.

    18.4 Ned normalvegen ned Lammanipa E1, GV

    Fin nedkøyring med mykje utsikt. Nedturen følgjer same veg som oppturen. Køyr først ned søraustryggen til salen mellom Lammanipa og Oksli, herfrå er det ei stor open side med mykje småterreng. Ofte fint etter snøfall frå sørvest og vest. Studer alternative nedfartar på veg opp. Søraustryggen frå Lammanipa og ned i salen kan vere vindpåverka.

    • Når: November–mai
    • Farar: Når det er ustabile forhold går det store skred langs Spartagrovbetnene. Ver merksam på alle dei små bekkedalane og søkka der sideveggane er langt brattare.
    • Himmelretning: Søraust i toppen langs ryggen. Nordaust ned den store flanken.
    • Lengde nedkøyring: 981 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Rundt 32–34 grader i 200 høgdemeter (1100–900 moh) 
    • Tips: Nordaustflanken ligg stort sett i skuggen og held derfor lenge på tørrsnøen, og er derfor også ei kald fjellside å vere i tidleg på vinteren.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    18.5 Ned nordaustrenna via Spartagrovbetnene E2, V

    Dette er ei flott og innbydande renne som dreiar austover etter det første bratte partiet på nordaustryggen på Lammanipa ved 1300 moh. Drei austover og etterkvart nordaust, ned renna til Spartagrovbetnene. Renna fører ein ned i Spartagrovbetnene som har eit leikande terreng.

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Ver merksam på skavlar i aust- og nordsida rundt toppen, særleg ved inngangen til austsida. Det er nokre klipper søraust for toppen om ein tek ei direkte loddlinje frå toppen. Ettersom ruta går søkk og renner er ein veldig eksponert for skred og skavlar som kan knekke i austsida.
    • Himmelretning: Nordaust og aust
    • Lengde nedkøyring: 981 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 32 grader i 40 høgdemeter (1420–1380 moh) og 40–42 grader i 100 høgdemeter (1320–1220 moh) 
    • Tips: Dersom denne turen vert gjort tidleg på våren bør ein vera der tidleg på dagen, då toppen av renna får mykje sol på morgonen. 
    • Vanskegrad: Vanskeleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    18.6 Ned nordaustryggen av Lammanipa E2, V

    Eit luftig og eksponert nedkøyringsalternativ. Estetisk og med flott utsikt, men fleire utsette parti. Delar av toppen inneheld fleire bratte passasjar. Nedturen følgjer ryggen nordaustover frå toppen. Nordvest av ryggen er det bratte klippevegger/stup. Når ryggen blir breiare (frå omlag 1080 moh) er det brattare terreng til lengre nordvest ein kjem.

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Skavlen rundt toppen, særleg ved inngangen til austsida. Elles har ryggen fleire stader med bratte hamrar som endar i stup mot nordvest. Ein bør ikkje ha utgliding i dette terrenget. 
    • Himmelretning: Nordaust
    • Lengde nedkøyring: 981 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 32 grader i 40 høgdemeter (1420–1380 moh), 37 grader i 80 høgdemeter (1080–1000 moh) og 32–34 grader i 200 høgdemeter (1000–800 moh)
    • Tips: Terrenget er vanskeleg å få oversikt over under nedkøyring på grunn av mykje terreng med konveks form. Det vert difor anbefalt å gå opp same veg som ein skal køyre ned for å vurdere terrenget og skredfaren. 
    • Vanskegrad: Vanskeleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    18.6 Ned variant av nordaustryggen E2, V

    Følg nordaustryggen nedover til 1300 moh og det flatar litt ut. Fortsett ryggen ned forbi det neste bratte partiet. Når det blir mindre bratt ved om lag 1160 moh, drei mot aust og inn i markert renneformasjon som fører ned i Spartagrovbetnene og vidare inn i nedre del av Spartagrovbetnene (18.6).

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Ein del utsette parti med klipper i loddlinja frå toppen. Ver oppmerksam på skavlane på austsida av toppen.
    • Himmelretning: Nordaust, aust og nordaust
    • Lengde nedkøyring: 981 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 35–40 grader i 260 høgdemeter (1422–1160 moh) og 35–40 grader i 100 høgdemeter (1160–1060 moh)
    • Tips: Den brattaste delen av renna, som er dei første 100 høgdemeterane når ein dreiar ned mot Spartagrovbetnene, er søraustvendt. Det kan difor variere sterkt korleis sola påverkar snøen i dei ulike delane av nedkøyringa.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    18.7 Ned nordrenna på Lammanipa E3, MV

    Dette er ei seriøs renne, inngangen i toppen har ofte ein stor skavl. Men når forholda tillet denne turen, er dette ei flott, vedvarande nordrenne. Tilkomsten til nordrenna er farefull. Ein har to val: Anten å gå den opp frå Haugabotn, eller ta seg ned i den frå toppen. Det kan bli store skavlar på toppen og difor kan tilkomsten vere svært utsett. Frå toppunktet har ein sikt ned heile renna, om skavlen ikkje stenger. Renna startar nokre meter under, og litt vest for toppunktet i lågast punkt. Ei løysing på inngangen kan vere å gå inn i renna frå den vesle nordvendte ryggen som går vest for sjølve renna. Ta ned i renna så tidleg som mogleg, ryggen ender nemleg i klipper. Dei 220 øvste høgdemeterane er dei brattaste (45-50 grader). Deretter legg hellingsvinkelen seg til kring 33-36 grader. Dei siste 360 høgdemeterane opnar terreng seg, men det er nokre klipper der. Eit alternativ er å halde ski høgre i renneformasjonen vidare ned i Haugabotn.

    • Når: April–mai
    • Farar: Utsett inngang i renna, skavlen i toppen og klipper i renna, samt skred
    • Himmelretning: Nord og aust 
    • Lengde nedkøyring: 622 høgdemeter til Haugabotn, 400 høgdemeter til Anestølen 
    • Brattaste punkt: 45–50 grader i 220 høgdemeter (1422–1200 moh) og 33–36 grader i 360 høgdemeter (1200–840 moh)
    • Tips: Vurder om det er tryggast å gå renna opp, eller å komme inn i renna frå toppen. Toppen av renna får ikkje sol og kan vere hard og isete. Isøks og stegjern er naudsynt for denne turen.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland
    Toppryggen frå Lammanipa, Normalvegen 18.4. Foto: Andreas Haslestad. Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå