18.1 Opptur via Tverrelvi til Lammanipa

Gå inn langs austsida av Tverrelvi. Ta opp ein søraustleg flanke aust for Frudalsfossen (Fossane). Når ein kjem til 760 moh traverserer ein i nordvestleg retning over ei skredrenne og inn i dalen. Dalen flatar ut og har eit mindre bratt parti fram til kring 900 moh. Her blir dalen smal og brattare opp til 1000 moh. Her dreiar ein mot nord/nordaust, til ein kan følgje ryggformasjonar opp sørsida til Lammanipa. Dette gjer ein mindre utsett for utløp frå eventuelle skred.  

  • Lengd: 3–6 timar
  • Lengde nedkøyring: 902 høgdemeter og 3,4 kilometer
  • Bratteste punkt: 32–34 grader i 80 høgdemeter (680–760 moh) og 38 grader i snitt i 400 høgdemeter (1000–1400 moh). Småheng og passasjer på 40–42 grader.
  • Farar: Skred. Oppturen langs Tverrelvi følgjer eit skredfar (680–760 moh). Det er tilrådd å gå opp på sørsida på grunn av mykje konvekst småterreng. Det kan vere hardt her om morgonen, før sola får tak. Enkelte stader er det sva og bekkar som underlag i renneformasjonane og skred kan losne ved bakken. Rett tidspunkt på dagen er sentralt for å gjennomføre denne oppturen. Turen krev stegjern og isøks.

18.2 Ned sørsida av Lammanipa E3, MV

Lammanipa si sørside krev at ein er kjend med terrenget ned til Tverrelvi. Under sørrenna er det eit høgt klippeparti/stup. For å unngå dette, må ein dreie vest før 1000 moh for å komme trygt ned i dalen. For å få kjennskap til terrenget og snøforholda bør ein difor gå opp sørsida av Lammanipa. 

  • Når: Mars–april
  • Farar: Skred, utglidning, klipper og stup
  • Himmelretning: Sør
  • Lengde nedkøyring: 902 høgdemeter 
  • Bratteste punkt: Småheng og passasjer på 40–42 grader. 38 grader i snitt i 400 høgdemeter (1400–1000 moh) og 32–34 grader i 40 høgdemeter (800–760 moh) 
  • Tips: Rett tidspunkt på dagen er viktig for å få gode forhold her. Sola tar fort på våren, men ein kan også bruke terrenget for å oppnå både søraust- og sørvestvende eksponeringar. Gå ruta opp på grunn av mykje småterreng og klipper som gjer oversikta vanskeleg frå toppen. Stegjern og isøks er nødvendig for denne ruta.
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.