27.1 Opptur

Følg austsida av Kvamselvi opp til ein kjem inn på traktorvegen. Følg denne og ta venstre i første kryss. Etter kvart kjem ein inn på ein ope området og i øvre del kryssar ein gjerdet. Granplantefeltet er blitt opnare etter stormen Dagmar. Fortsett sommarstien oppover til skogen blir opnare. Gå opp til ei lita hytte kring 800 moh før ein går ut av skogen og inn på Kvamshalsen. 

  • Lengd: Kort 2–4 timar 
  • Lengde nedkøyring: 520 høgdemeter og 1,8 kilometer  
  • Brattaste punkt: 30 grader i 140 høgdemeter (660–800 moh)
  • Farar: Skred

27.1 Ned Kvamshalsen E1, GV

Frå Kvamshalsen 940 moh følgjer ein skogen ned igjen i det området ein har gått opp. Området kring den vesle bua 800 moh har fin skog. Når skogen blir tettare søker ein inn på sommarstien som fører ned og gjennom granfeltet. Nedre delen går i ope kulturlandskap og på traktorveg.

  • Når: Desember–mars/april
  • Farar: Skred
  • Himmelretning: Sør 
  • Lengde nedkøyring: 520 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30 grader i 140 høgdemeter (800–660 moh)
  • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.