32.1 Opptur

Oppturen til Kløvingahaugen startar med ein nedfart til brua før Bjåstad om lag 80 moh. Kryss brua og følg sommarstien mot Fjellstølen. Rett før elva delar seg til Besselvi og Bjåstadelvi, går du mot sør, og opp det slakaste terrenget i skogen. Kring 650 moh er det eit kortare parti med 35–40 grader opp mellom nokre mindre klipper. Etter klippane følgjer du ryggformasjonen opp til Kløvingahaugen, 935 moh. Frå Kløvingahaugen kan du fortsette fire kilometer via Nonsskareggi, til Bjåstadbreen, 1602 moh.  

  • Lengd: Middels 3–6 timar
  • Lengde nedkøyring: 855 høgdemeter og 3,7 kilometer 
  • Brattaste punkt: 32–34 grader i 300 høgdemeter (340–640 moh) og 35–40 grader i 40 høgdemeter (640–680 moh)
  • Farar: Skred og utløpsområde for skred 

32.1 Ned nordsida av Kløvingahaugen til Bjåstad E1, V

Hald nordvest nedover ryggen til kring 700 moh, derfrå hald meir nordleg ned skogen ned til sommarstien frå Fjellstølen og følg denne attende til vegen.

  • Når: Februar–april
  • Farar: Skred og utlaupssoner for skred 
  • Himmelretning: Nordvest og nord
  • Lengde nedkøyring: 885 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 35–40 grader i 40 høgdemeter (680–640 moh) og 32–34 grader i 300 høgdemeter (640–340 moh)
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.