Normalveg E1, LV

Ein går til Vanndalsvatnet som mot Vangsen, men kryssar ikkje Vanndøla, då ein skal nord for vatnet. Gå nordaustover, hald avstand til dei brattare austsidene på Myrhønna. Før skaret bratnar det, omlag 30 grader i eit kort parti. Det vanlegaste er å gå opp på vestsida av skaret og skreie ned på austsida. Gå flatt over skaret og opp 28 graders bakke før det flatar ut att og ein går aust og inn i ein liten dal på omlag 1350 moh som går nord/sør. Gå opp sørover til omlag 1450 moh, drei så aust opp siste bakken. Velkommen inn! Nedatt er det vanleg å sleppe seg ned frå skaret på austsida, her er det jamnare bakkar og ofte meir snø.

  • Lengd: 3,5–6 timar
  • Når: November–mai
  • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter 
  • Himmelretning: V, S, N
  • Brattaste punkt: 30 grader (1230 moh)
  • Farar: Skavlar på nordsida av Mannen og skred frå Myrhønna
  • Tips: Lat att døra skikkeleg etter at du har skrive i hytteboka
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog  eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.