Svarteholten, Blåfjell, Nonsholten og Grånipa frå Nord. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Høgde

Høgda som ligg vest av Nonsholten er markert på turkartet for Sogndal og Leikanger som høgde 1387 moh.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1387
    • Høydemeter: 960
    • Himmelretning: Nordaust
    • Bratteste punkt: 32–34 grader
    • Beste sesong: Desember–mai

    Nedfarten ned nordsida via austsida av Grånipa er ein nedfart som kombinerer nordside og austside. Elles må ein rundt denne høgda dersom ein skal ned i Strupen og vidare vestover mot Synnevaskjer.

    Opptur

    Ein kan anten bruke den vestlege oppturen mot Nonsholten (4.1) til det vestlege skaret og derfrå vestover til toppen, eller ein kan følgje oppturen til Grånipa og derfrå nordover ryggen til høgde 1387 moh.

    5.1 Ned Nordaustsida av 1387 E1, GV

    Nedfarten går ned nordflanken aust av toppen. Nordflanken har skavl både på austsida og vestsida av flanken. Det øvste partiet er det brattaste på denne nedfarten og brattheita i toppen vil variere etter kor mykje vindtransportert snø som er innblåse. Kring 1100 moh møter nordsida av høgde 1387 moh austsida av Grånipa. Følg Grånipatraseen vest av Stølsgrøvene gjennom skogen ned til indre del av Gunvordalsstølen.

    • Når: Desember–mai
    • Farar: Skred, terrengfeller 
    • Himmelretning: Nordaust
    • Lengde nedkøyring: 960 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 40 høgdemeter (1300–1260 moh), 30–33 grader i 40 høgdemeter (1040–1000 moh) og i 40 høgdemeter (840–800 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Toppturar i Sogn.
    Toppflanken nordaustsida på høgde 1387. Foto: Hans-Petter Kristiansen. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå