7.1 Opptur 

Frå Brandhaugadn parkeringa går ein 2,5 kilometer inn Gunvordalen/Laugadalen til Reset. Innmarsjen inn dalen kan ein enten gå sørsida av Laugi via Gunvordalsstølen, eller ein kan gå inn traktorvegen på nordsida av Laugi og vidare til Reset. Elva kan ein som oftast krysse fleire plassar. Frå Reset går ein opp slakaste del av nordflanken vest av elva frå Resavatnet. Når ein kjem over eit brattare parti (940 moh) på nordflanken, dreiar ein mot Resavatnet. Gå på ryggformasjonen på sørsida av vatnet for deretter å følgje ein austleg flanke/ryggformasjon til toppflanken.

  • Lengd: Middels 3–6 timar
  • Lengd nedkøyring: 1060 høgdemeter og 6,3 kilometer
  • Brattaste punkt: 36–38 grader i 40 høgdemeter (860–900 moh) og 30–33 grader i 220 høgdemeter (1080–1300 moh)
  • Farar: Skred og utløpsone for snøskred

7.2 Ned nordsida av Høgafjellet E2, V

Følg nordaustflanken til ein kjem aust av ryggformasjonen og forbi den første klippa. Drei meir nordleg og følg flanken ned til terrenget blir mindre bratt. Fortsett ned den siste brattare nordflanken ned til Reset. Følg sørsida eller nordsida ut dalen. 

  • Når: Februar–mai
  • Farar: Skred, terrengfelle og klippe  
  • Himmelretning: Nord
  • Lengd nedkøyring: 1060 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 33–35 grader i 160 høgdemeter (1200–1040 moh) og  36–38 grader i 40 høgdemeter (900–860 moh)
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

7.3 Ned variant av nordsida av Høgafjellet E2, V

Denne varianten går vest av ein nordleg ryggformasjon og følgjer denne flanken ned til Laugadalen. I nedre del av flanken er det eit klippeband. Når ein kjem ned i dalen tek ein sørsida eller nordsida av Laugi ut dalen. 

  • Når: Februar–mai
  • Farar: Skred, terrengfelle, steinar og klipper
  • Himmelretning: Nord
  • Lengd nedkøyring: 1060 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i  100 høgdemeter (1300–1200 moh), 32–34 grader i 200 høgdemeter (1200–1000 moh) og 34–36 grader i 100 høgdemeter (900–800 moh)