Frå Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Hest

Hest er signaturfjellet i Leirdalen, og er også eit av dei mest kjende fjella i indre Sogn. For dei lokale i Leirdalen er fjellet skiturmål nummer ein.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Toppunkt: 1632
    • Høydemeter: 1300
    • Himmelretning: N,A,S
    • Bratteste punkt: 30 grader
    • Tid opp/ned: 4–8 timar
    • Beste sesong: November–mai

    For gopningane, folk fra Gaupne, er Hest et eit must for dei ivrigaste skilauparane. Det er lett å skjøne korleis fjellet fekk namnet sitt, austryggen dannar mana og nakken på gampen, medan hovudet og mulen stupar ned mot Veitastrondi.

    Normalveg e1, GV

    Gå til sørenden av dammen som demmer opp Tunsbergdalsvatnet. I nordenden av vatnet ligg Noregs lengste brearm, Tunsbergdalsbreen. Vegen vidare mot Hest, Grøndalseggi og Asbjørnsnosi følgjer alle den same vegen gjennom skogen frå dammen. Rett før dammen skrår ein opp i skogen og følgjer ein rydda trase sørover og oppover myrane. Dei ligg vest for den markerte ryggen som strekker seg sørover i forlenging av dammen. Etterkvart traverserer ein i humpete skogsterreng vestover mot hytta som ligg i skoggrensa, men når ein bikkar over toppen openberrer det store skiterrenget seg. Nonskard, 1300 moh, er neste mål, gå sørvestover opp moderat bratte bakkar der bekkedalar skjer seg ned og dannar det einaste faremomentet. Det bratnar før Nonskard, kryss midt på den svake ryggformasjonen opp her, når ein kliv opp på ryggen får ein utsikta som vil følgje ein nordover mot Hest. Ein bratt passasje på kulen rett nord for Nonskard vert vurdert, før ein held god avstand til dei normalt enorme, austvende skavlane bortetter ryggen. Dårleg sikt er ein uting på slike ryggar og gjev god grunn til å snu i Nonskard. Litt opp og ned bortetter ryggen gjev nokre høgdemeter ekstra, før siste bakken opp til toppen som er bratt og utsett. Eit snøskred her kan verte ei ferd på 1600 høgdemeter ned Utledalen. Dei fleste vel å setje frå seg skia før toppen på ein eigna stad, gjerne heilt nede i skaret. Nedatt same vegen.

    • Lengd: 4–8 timar   
    • Når: November–mai
    • Farar: Skavlar heile vegen nordover frå Nordskar, utgliding på toppen
    • Lengde nedkøyring: 1300 høgdemeter
    • Himmelretning: N,A,S 
    • Brattaste punkt: 30 grader (1280–1300 moh), 35–45 grader (1480–1600 moh)
    • Tips: Dette er ingen dårlegverstur, då det er fort å rote seg utover skavlar mot Leirdalen i dårleg sikt. Om tilhøva tillet det, kan ein vurdere mange alternative nedturar heimatt. Om det er «berre» skiskreiing ein er ute etter, snur ein etter Nonskar ein stad.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    1.1 NED Austryggen E2, V

    Den vakraste og mest opplagde skilinja i heile Sogn saman med nordrenna på Austabottind kan vere vanskeleg å treffe i gode tilhøve. I le for vestaveret og vindutsett som det er på ryggen kan både dårleg føre og skred kødde turen til for ein i vintersesongen. I vårsesongen tek sola tak i snøen her i frå midten av mars, men berre på det som er mest solvendt. Då lønner det seg ofte å vente nokre veker så ein får rein vårsnø å forhalde seg til. Timing er alt på denne ruta, hard snø kan gjere turen farleg. Å skreie ned i trygg laussnø i rosa kveldslys er draumen.

    Nedkøyringa startar fyrst konvekst i kort parti, så ser ein ryggen framfor seg. Vanlegvis eit omlag 5 meter smalt parti på ryggen lengre nede, så greiare att. Ta av mot sør ned bratt side eller renneformasjon på omlag 1180 moh for å komme av ryggen før den bratnar att mot aust. Gå gjerne opp att «variant»-ruta, så slepp ein traversering av fint skiterreng. Ein kan også traversere/skreie ned mot hytta om ein har dårleg tid, eller støle bein.

    • Når: November–mai
    • Farar: Skavlknekk. Utgliding med stor konsekvens enkelte stadar på ryggen. Skred.
    • Himmelretning: V
    • Lengde nedkøyring: 520 høgdemeter + 750 høgdemeter ned til dammen ved «variant», 120 høgdemeter mindre om ein ikkje tek «variant».
    • Brattaste punkt: 35 grader (1625–1610 moh), 30 grader (1400–1380 moh) og 35 grader (1180–1150 moh)
    • Tips: Som regel er det ikkje tilhøve direkte ned på vatnet etter ein er ferdig med ryggen. Ta av ryggen på opplagt stad og gå oppatt mot sørvest i greit terreng (variant) til ein kan sleppe seg ned mot normalvegen. Mest og best skikøyring får ein på denne måten!
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    1.2 Skavlen før toppen E1, V

    Ein ikkje uvanleg variant for å sleppe å ta høgdemeter heimatt sørover ryggen, er å sleppe seg ut i skaret rett sør for Hest og ned på breen. Dette forutset at skavlen er liten midt i skaret, og at ein greier å ta seg gjennom trygt ved graving eller skjering. Tidleg sesong, lite snø eller gode hoppe-eigenskapar gjer sjansen for suksess større! 

    Over/gjennom skavlen, ned breen til det flatar ut på rundt 1100 moh. Det finnes sprekker i breen, spesielt mot sør. Gå gjerne opp att «variant»-ruta, så slepp ein traversering av fint skiterreng.

    • Når: Februar–mai
    • Farar: Skavlknekk, bresprekker sør på breen. Skred rett under skavlen.
    • Himmelretning: A
    • Lengde nedkøyring: 400 høgdemeter + 750 høgdemeter ned til dammen ved «variant», 120 høgdemeter mindre om ein ikkje tek variant.
    • Brattaste punkt: 45 grader (1470–1450 moh)
    • Tips: Sjekk skavlen med kikart frå vegen, ta også en kik på han frå toppen rett sør for linja. Køyr ned til omlag 1100 moh før du tek på fellene att og går oppatt mot sørvest før ein køyrer nedatt mot hytta/normalvegen for minst bratt skogsterreng i normalår.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    1.3 Austryggen frå topp 1447 E2, V

    Denne varianten er lite brukt, men har den fordelen at dei typiske kjempeskavlane i Leirdalen sjeldan dannar seg akkurat her. I tillegg slepp ein mykje traversering sørover for å nå normalvegen i skogen. Som mange av linjene i Leirdalen er det bratt fyrst, så slakar det ut. Det største problemet er å finne linja utan å gå seg ut på store skavlar på begge sider. Dette krever god orientering, og gjerne at ein ser seg ut linja frå toppen av Hest eller aller best går linja opp. Ver sikker på at du ikkje er i nærleiken av ein skavl i damplokomotiv-klassen når du går ut mot linja. Konvekst i starten, så ser ein heile skreiebakken.

    • Når: Januar–mai
    • Farar: Utgliding, oppstikkande stein, skavl. Skred.
    • Himmelretning: A
    • Lengde nedkøyring: Om lag 500 høgdemeter til ein treff normalvegen
    • Brattaste punkt: 35–40 grader (1420–1340 moh)
    • Tips: Ruta bør sjekkast i kikart på førehand. GPS er nok eit kjekt hjelpemiddel for å ikkje trø feil oppe på ryggen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    1.4 Topp 1360 rett nord for Nonskar E1, GV

    Frå denne toppen pleier folk som kjem over ryggen frå Hest ofte å sleppe seg ned direkte aust eller brattare sør-aust. Dette gjev ein bratt oppvarming til krusinga ned mot hytta, vi beskriv varianten rett aust. For å unngå klippeparti held ein nordover til ein er forbi desse. Hald eventuelt avstand til hamrane på høgre hand. På omlag 1180 moh køyr ned kort bratt bakke rett aust.

    • Når: November–mai
    • Farar: Klippeparti, skred. Terrengfelle; vert fort slakt etter bratta.
    • Himmelretning: NA, A
    • Lengde nedkøyring: Omlag 260 høgdemeter til normalvegen
    • Brattaste punkt: Minimum 30, velje brattleik etter tilhøve.
    • Tips: Sjå deg ut ei linje på veg forbi. Kvifor ikkje ta eit bilete i tilfelle du er gløymsk.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terreng former og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Jostedalen. / Toppturar i Sogn
    Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå