Gunvordalsbreen og Styggebotn frå søraust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Gunvordalsbreen

Styggebotnfjellet er den fjellryggen ned frå Gunvordalsbreen, 1604 moh, som er godt synleg frå parkeringa i Gunvordalen. Det er fleire alternative oppturar til Gunvordalsbreen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1604
    • Høydemeter: 1184
    • Kilometer: 12.3
    • Faremomenter: Skred, skavl og store utløpsområde for skred
    • Bratteste punkt: 30 grader
    • Tid opp/ned: 5–10 timar

    Eit alternativ er via Myrdalsbreen og nordover til toppen. Dersom ein likar å gå, og å ha fleire nedkøyringar på same turen, kan ein gå via Skjerdingane 1520 moh i Frudalen. Ein får då ei nedkøyring til Styggebotnvatnet (472 høgdemeter) for deretter å gå opp igjen nordaustsida til Gunvordalsbreen (556 høgdemeter). Frå toppen kan ein enten ta ei nedkøyring (10.3) ned i Laugadalen og ut igjen Laugadalen til Gunvordalen, eller ein kan turen tilbake igjen via Styggebotn og Skjerdingane 1520 moh i Frudalen og nedfart 14.2.

    10.1 Opptur via Myrdalsbreen/Voggebreen

    Bruk opptur 9.1 til Myrdalsbreen/Voggebreen. Frå toppen av Myrdalsbreen sklir ein nordover ned til 1450 moh før ein går opp igjen slakaste veg til Ryssebotnrana 1604 moh. Ønskjer ein å gå via Strupen og Synnevaskjer kan ein starte turen frå Gunvordalen. Sjå opptur for Synnevaskjer. 

    • Lengd: Lang 5–10 timar
    • Lengde nedkøyring: 1184 høgdemeter og 12.3 kilometer
    • Brattaste punkt: 30 grader i 40 høgdemeter (980–1020 moh)
    • Farar: Skred, skavl og store utløpsområde for skred

    10.2 Opptur via Styggebotnen og Skjerdingane

    Denne turen er ei forlenging av turen 14.1 Skjerdingane i Frudalen. Frå toppen 1520 moh køyrer ein slakaste variant av sørflanken ned til elveutløpet til Styggebotnvatnet. Ein går over elva nedanfor vatnet og opp den slakaste flanken sørvest av Styggebotnvatnet. Fortsett austflanken til toppen av Gunvordalsbreen 1604 moh.

    • Lengd: Lang 5–10 timar
    • Lengd nedkøyring: 2028 høgdemeter dersom ein følgjer same rute tilbake og 9,4 kilometer
    • Brattaste punkt: Ned til Styggevatnet 30–33 grader i 450 høgdemeter (1520–1060 moh) Opp til Gunvordalsbreen 32–34 grader i 40 høgdemeter (1100–1140 moh) 
    • Farar: Skred, skavl og store utløpsområde for skred  

    10.2 Ned nordsida av Gunvordalsbreen og ned nordsida av Skjerdingane E2, V

    Nedfarten følgjer nordaustflanken nord av Styggebotnfjellet til kring 1200 moh. Derfrå over på ein nordaustleg flanke (aust av ein ryggformasjon) som går ned ved vassenden av vatnet. Frå vatnet går ein slakaste veg opp sør/sørvest flanken til Skjerdingane 1520 moh. Frå toppen av Skjerdingane tek ein nedfart 14.2 ned nordsida og vidare ut Frudalen.    

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Skred, terrengfelle og klippe 
    • Himmelretning: Nordaust, sør opp til Skjerdingane og nord ned renna/flanken til Frudalen
    • Lengd nedkøyring: 2028 høgdemeter via Skjerdingane 1520 moh i Frudalen
    • Bratteste punkt: 32–34 grader i 40 høgdemeter (1140–1100 moh) ned til Styggevatnet. 30–33 grader i 450 høgdemeter (1060–1520 moh) opp til Skjerdingane 
    • Tips: Sjå turskildring 14.2 for meir informasjon om nedfarten til Frudalen. 
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    10.3 Ned austsida av Gunvordalsbreen E2, V

    Nedfarten følgjer austflanken på sørsida av Styggebotnfjellet. Toppflanken er jamt bratt med eit slakare parti kring 1140 moh. Nedre flanke blir brattare og fører inn i ei trong renne. I utgangen av renna er det eit belte med nokre steinar. Følg Laugadalen tilbake til Gunvordalen.   

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Skred, terrengfelle og stein 
    • Himmelretning: Aust
    • Lengde nedkøyring: 1184 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 34 grader i 500 høgdemeter (1520–1020 moh) og 38–39 grader i 80 høgdemeter (1020–940 moh)
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå