Flott utsyn mot dei større nabotoppane, og om ein går utpå kanten mot vest ser ein ned mot Kvam ved Veitastrondsvatnet.

Turbeskrivelse Grøndalseggi
1000 høgdemeter blank frå bilen med lite bratt terreng og minimalt med flater gjer Grøndalseggi til den mest effektive skikøyringsturen i Leirdalen.
- Hovedområde: Sogn
- Underområde: Jostedalen
- Toppunkt: 1423
- Høydemeter: 900
- Himmelretning: A,N
- Bratteste punkt: 30–35 grader (1360–1400 moh)
- Tid opp/ned: 3–5 timar
- Beste sesong: November–mai
Normalveg E1, LV
Den vanlegaste vegen opp følgjer vegen mot Hest eller Nonskard, men på omlag 1200 moh skrår ein meir sørover i stadig enklare terreng til ein ser den omlag 30 grader bratte sluttstigninga mot Grøndalseggi. Gå over flata og opp den runde ryggen sør for den austvende skålformasjonen. Nedatt same veg, eller mest truleg der du oppdaga best snø.
- Lengd: 3–5 timar
- Når: November–mai
- Farar: Skred, bekkedalar
- Himmelretning: A,N
- Lengde nedkøyring: 900 høgdemeter frå dammen
- Brattaste punkt: 30–35 grader (1360–1400 moh)
- Tips: Legg sporet slik at du kan køyre etter det nedatt om lyset skulle bli dårleg.
- Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.