Svarteholten, Blåfjell, Nonsholten og Grånipa frå Nord. / Toppturar i Sogn.
Svarteholten, Blåfjell, Nonsholten og Grånipa frå Nord. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Grånipa

Austsida på Grånipa får ofte god snø etter snøfall frå vest. Frå Grånipa får ein også innsyn til indre delen Laugadalen og Resbotnen, der skilinjene frå Høgafjellet går.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1200
    • Høydemeter: 780
    • Faremomenter: Skred
    • Himmelretning: Aust
    • Bratteste punkt: 30–33 grader

    Ein kan følgje ryggen sørover til den namnlause høgda 1387 moh.

    6.1 Opptur

    Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind vestover. Gå innover Gunvordalen til dei inste hyttene på Gunvordalsstølen. Gå opp der skogen er opnast. Når ein kjem ut av skogen flatar det ut og ein får oversikt over austsida. Rund aust av nokre små klipper før ein går opp austsida sør av eit svaparti som ofte har snøsprekker. Følg deretter austsida til toppen av Grånipa. Ønskjer ein å gå til høgde 1387 moh følgjer ein ryggen til toppunktet i sørleg retning. Det er ein kort bratt passasje på ryggen.  

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Himmelretning: Aust
    • Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter og 3,3 kilometer
    • Brattaste punkt: 30–33 grader i 40 høgdemeter (800–840 moh)
    • Farar: Skred

    6.1 Ned austsida av Grånipa E1, GV

    Same rute ned som oppturen. Nedfarten startar på ryggen til Grånipa og går ned austsida. Følg austsida der det er slakast terreng. Når ein kjem ned under austflanken dreiar ein nordleg og sklir ned skogen til indre del av Gunvordalsstølen. Følg stølsstien/vegen tilbake til parkeringa.   

    • Når: Desember–mai
    • Farar: Skred, terrengfelle 
    • Himmelretning: Aust
    • Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 30–33 grader i 40 høgdemeter (840–800 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Austsida på Grånipa. Foto: Jostein Aasen. / Toppturar i Sogn.
    Austsida på Grånipa. Foto: Jostein Aasen. / Toppturar i Sogn.
    FRIFLYT.NO
    +
    Utsikt mot Gunnvordalsbreen frå Synnevaskjer. Foto: Andreas Haslestad. / Toppturar i Sogn.
    Turområde

    Gunvordalen

    Frå Brandhaugadn toppturparkering, som ligg ved foten av Gunvordalen og ved fjellet Togga, er det
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå