Foto: Bjørn Bjørhusdal. / Frå Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Geisdalsnosi

Geisdalsnosi er ein klump av eit fjell som strekkjer seg langs nordsida av Storegeisdalen og austsida av Vetlegeisdalen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Toppunkt: 1539
    • Høydemeter: 1020
    • Faremomenter: Fjernutløyst skred frå brattare parti over ein. Utløpsområde.
    • Himmelretning: V, S
    • Bratteste punkt: 38 grader
    • Tid opp/ned: 3,5–6 timer
    • Beste sesong: November–mai

    Ved fyrste augekast ser det knapt nok ut som noko skifjell, men linjer dukkar opp om ein studerer terrenget nøyare. Dette er eit av dei «nye» skifjella i Jostedalen, her var det ikkje vanleg å gå før inn på 2000-talet.

    Normalveg E1, GV

    Frå Myri går ein berre 10 meter opp Vanndalsvegen før ein tek til venstre, nordover på den nedsnødde vegen mot Geisdalsstølen. Vanlegvis følgjer ein vegen til den krappe svingen på omlag 675 moh lengst nord og tek av inn i terrenget her, fortset nordaust brattare på opa myr. Så følgjer ein på austsida av elva på opne myrer til ein ser vestsida av Geisdalsnosi, den einaste staden det er mogeleg å gå opp på denne sida. Frå omlag 1000 moh går det ein udefinert rygg nordaustover oppover, denne følgjer ein til omlag 1150 moh før ein etterkvart omgår bratte parti ved å gå høgre eller venstre oppover. Det brattaste partiet ligg på omlag 1250 moh, ein 4–5 meters hammar går ein tett forbi på nordsida (38 grader). Så vidare opp til det flatar ut, herifrå litt nedover, så brattare opp inn i skuggen og sørover før ein bikkar kanten. Nedatt langs oppoversporet.

    • Lengd: 3,5–6 timer
    • Når: November–mai
    • Lengde nedkøyring: 1020 høgdemeter
    • Himmelretning: V, S
    • Brattaste punkt: 38 grader ved 1250 moh, 32 grader (1250–1320 moh) og 30 grader (1430 moh)
    • Farar: Fjernutløyst skred frå brattare parti over ein. Utløpsområde.
    • Tips: Turen kan vanlegvis gjerast i mai også, men snøsmeltinga kan vere komme langt i den sørvende Vetlegeisdalen så seint.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    12.1 Vestsida direkte E1, V

    Linja startar på omlag 1380 moh og dreg rett ned vestsida på sørsida av dei vanlegvis markerte hamrane på omlag 1250 moh. Mykje blindt småterreng gjer at det er lurt å følgje godt med i oppoverbakke om ein vil ned her. Mot slutten kan det vere smart å ta ein travers sørover på omlag 900 moh for å få brattare skikøyring i fallinja mot vest.

    • Når: November–mai
    • Lengde nedkøyring: 500
    • Himmelretning: V
    • Brattaste punkt: 32 grader (1300–1360 moh), 35 grader (1250–1280 moh) og 32 grader (1220–1250 moh)
    • Farar: Utløpsområde, skred, vassis under snøen
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar.  Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.

    Anne Marte-renna E2, V

    Dette er ei renne som startar på 1440 moh på ryggen som strekkjer seg nord for det vesle søkket på 1390 moh der vatnet ligg. Renna går sørvestover til den ebbar ut i normalruta på omlag 1220 moh. Ein slepp seg bratt inn i søkket/renna, og terrenget slaknar av.

    • Når: Desember–mai
    • Lengde nedkøyring: Omlag 200 høgdemeter før ein treffer normalvegen
    • Himmelretning: SV,V
    • Brattaste punkt: 35–40 grader (1340–1420 moh)
    • Farar: Skred, pass på soloppvarminga på vintersnø
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    Mykingbakken E2, MV

    Ein flanke går over til ei renne litt lengre nord inn på ryggen frå Anne Marte-renna, bratt og utsatt køyring går over i konkav utkøyring med små og store stein til å trikse på. Ei litt lite definert linje som kan varierast alt etter korleis snøen ligg, og med mogelege variantar på begge sider.

    Når: Desember–mai

    Lengde nedkøyring: 300 høgdemeter før ein er under 30 grader

    Himmelretning: V,SV

    Brattaste punkt: 35 grader (1280–1340 moh), 40 grader (1340–1360 moh) og 35 grader (1360–1400 moh)

    Farar: Skred, utgliding, stein

    Tips: Tilrådd på vårsnø

    Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
    Geisdalsnosi, Anne Marte-renna bak.Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå