Frudalshesten, Frudalsbreen og Lammanipa frå sør. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Frudalshesten

Fjellmassivet som Frudalshesten er ein del av, har potensielle nedfartar i alle himmelretningar. Den mest populære turen frå Frudalen er sørsida. Her det ofte god snø trass at det er ei sørside.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1554
    • Høydemeter: 1034
    • Kilometer: 5.3
    • Faremomenter: Skred. Terrenget byr på mykje småterreng og dei brattaste passasjane er uoversiktlege ovanfrå. Det er fleire store utløpsområde og små terrengfeller.
    • Bratteste punkt: 32–34 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timar

    Denne skituren har vore nytta som topptur sidan 80-talet. Austsida gjev også flott nedkøyring ned via Tverrelvi. Vestsida har vore mindre nytta fram til i dag. 

    16.1 Opptur Sørsida av Frudalshesten

    Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og til der Botnaelvi og Tungelvi møtest. Derfrå skrår ein oppunder klipper og vidare nordover. Ein kjem inn på flatare terreng kring 800 moh. Gå mot Frudalsbotnen til ein kjem til det slakaste terrenget. Når ein kjem til 900 moh vel ein den midtre ryggformasjonen til det blir mindre bratt. Drei vestover til det lågaste punktet på Nipa. Deretter nordleg retning opp i ein liten dalformasjon. Skrå aust/nordaust i øvre del av dalen og inn på toppflanken. Følg denne til toppen. 

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter og 5,3 kilometer
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 40 høgdemeter (900–940 moh), 30–32 grader i 40 høgdemeter (1040–1080 moh) og 32–34 grader i 20 høgdemeter (1200–1220 moh)
    • Farar: Skred. Terrenget byr på mykje småterreng og dei brattaste passasjane er uoversiktlege ovanfrå. Det er fleire store utløpsområde og små terrengfeller.

    16.2 Ned sørsida av Frudalshesten E1, GV

    Sørsida på Frudalshesten har ofte god snø til å vere ei sørside. Nedfarten følgjer oppturen. Drei vest for å komme ned i dalen som fører til Nipa. Alternativet er ei meir direkte linje ned ein av renneformasjonane aust av Nipa. Det startar ein ny flanke frå Nipa og ned i Frudalsbotn. Skli ned til Storesteinen og ned Frudalen til parkeringa. 

    • Når: Desember–april
    • Farar: Skred, utløpsområde for skred og terrengfelle nord for Nipa
    • Himmelretning: Sør
    • Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 20 høgdemeter (1220–1200 moh), direkte variantar 38–40 grader i 40 høgdemeter (1220–1180 moh), 30–32 grader i 40 høgdemeter (1080–1040 moh) og 32–34 grader 40 høgdemeter (940–900 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    16.3 Ned Nipa til Frudalsvatnet E1, GV

    Ein overgang frå Frudalsmassivet til Salen og Bjåstadbremassivet, er å skli ned sørsida av Frudalshesten til Nipa 1240 moh, som er formasjonen midt i sørsida på Frudalshesten. Frå Nipa dreiar ein svakt vestleg for å komme ned på Frudalsvatnet 1102 moh. Den overgangen kan brukast dersom ein ønskjer å kople saman Frudalen med Laugadalen/Gunvordalen eller utvide turen med Bjåstadbreen (15.4/15.3) eventuelt turen om Frudalsvatnhytta til Salen.

    • Når: Desember–april
    • Farar: Skred
    • Himmelretning: Sørvest
    • Lengde nedkøyring: 138 høgdemeter (Frå Nipa 1240 moh til Frudalsvatnet 1102 moh)
    • Brattaste punkt: 33–35 grader i 40 høgdemeter (1140–1100 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    16.4 Opptur austsida av Frudalshesten

    Gå inn langs austsida av Tverrelvi. Ta opp søraustleg flanke aust for Frudalsfossen (Fossane). Når ein kjem til 760 moh traverserer ein i nordvestleg retning over ei skredrenne og inn i dalen. Dalen flatar ut og har eit mindre bratt parti fram til kring 900 moh. Her blir dalen smal og brattare opp til 1000 moh. Drei nordleg og deretter i nordvest/vestleg retning. Følg dei slakaste flankane til ein kjem til toppflanken. Følg denne til toppen. Det kan førekome bresprekker mellom 1300 moh og 1500 moh. 

    • Lengd: 3–6 timar
    • Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter og 4,5 kilometer
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 80 høgdemeter (680–760 moh) og  jamt rundt 30 grader i 600 høgdemeter (900–1500 moh)
    • Farar: Ruta går i svært skredutsett terreng langs Tverrelvi. Dalen er trong og ein kryssar og går i store utløpsområde for skred. Om våren bør ein berre nytte den oppturen tidleg om morgonen. Ver også merksam etter lange mildversperiodar. Skred losnar på svaberga under Lammanipa og Oksli. Siste 200 høgdemeterane mot toppen kryssar ruta ein liten bre, vurder difor snøen godt. 
    • Tips: Skarejern kan vere nødvendig tidleg på morgonen.

    16.4 Ned austsida av Frudalshesten E1, GV

    Austsida av Frudalshesten har ein relativt stor toppflanke som går ned til Tverrelvi. Denne dalen er ei stor terrengfelle. Derfor bør denne nedfarten nyttast når det er stabile snøforhold og lite fare for at det går skred frå Oksli. 

    • Når: Desember–april
    • Farar: Skred, utløpsområde for skred og terrengfelle ved Tverrelvi
    • Himmelretning: Aust, nordaust og søraust
    • Lengde nedkøyring: 1034 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Jamt rundt 30 grader i 600 høgdemeter (1500–900 moh) og 32–34 grader i 80 høgdemeter (760–680 moh)
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Austsida av Frudalshesten 16.4. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå