Oversikt Anestølen frå aust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Frudalsbreen-Sogndalsdalen

Frudalsbreen, med varden 1598 moh, er det høgaste punktet i Frudalsmassivet. Dette området gjev mange nedkøyringsmoglegheiter i ulike himmelretningar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1598
    • Høydemeter: 1157
    • Kilometer: 8
    • Faremomenter: Det blir ofte store skavlar mot aust av Sogndalseggi. Vestsida av ryggen er også utsett på grunn av stup ned til breen på nordsida.
    • Bratteste punkt: 33–35 grader
    • Startsted: Selseng
    • Tid opp/ned: 5–10 timar

    Du kan komme hit både frå Frudalen og frå Berge i Fjærland. Varden på Frudalsbreen ligg ein kilometer nord for Frudalshesten, 1554 moh. Frudalsbreen trekkjer seg nedover nordsida mot Vetlebotn. I tillegg er det ein nordaustarm som går nedover mot Haugabotn.  

    Opptur (Same som sogndalseggi 20.1)

    Sjå opptur 20.1 på neste side. Følg vestleg variant som går under fjellklippa og opp søraustrenna på Sogndalseggi sørvest av høgde 1460 moh. Følg deretter Sogndalseggi vidare sørvestover til Frudalsbreen, 1598 moh. Her er det fleire bratte passasjar langs ryggen, samt store skavlar mot aust. Dette gjer at ein blir pressa mot vestsida av ryggen. Utgliding er utsett fordi vestsida endar i stup. Bruk stegjern og øks om det er hardt. 

    • Lengd: Lang 5–10 timar frå Selseng
    • Lengd nedkøyring: 1157 høgdemeter og 8 kilometer frå Selseng  
    • Brattaste punkt: 32–34 grader i 40 høgdemeter (960–1000 moh), 33–35 grader i 140 høgdemeter (1280–1420 moh) og 33–35 grader i 20 høgdemeter (1560–1580 moh)
    • Farar: Det blir ofte store skavlar mot aust av Sogndalseggi. Det kan vere behov for stegjern og isøks, då det kan vere hardt og avblåst på ryggen. Vestsida av ryggen er også utsett på grunn av stup ned til breen på nordsida.

    17.3 Ned austsida av Frudalsbreen E2, MV

    Toppen av austsida vil ofte variere mykje i hellingsgrad på grunn av vestavêret som legg igjen mykje snø i denne sida. Inngangen på breen har ei konveks form. Hald deg i skihøgre del av dalformasjonen ned til stein/klippe (omlag 1040 moh). Køyr ned i innerste renne ned til Haugabotn. Ved gode forhold er dette ein flott og variert tur med mykje fin køyring i storslått terreng.

    • Når: Mars–mai
    • Farar: Utgliding, bre, klippeband, skred og terrengfelle ned mot Haugabotn
    • Himmelretning: Aust
    • Lengde nedkøyring: 730 høgdemeter til Haugabotn, 419 høgdemeter til Anestølen
    • Brattaste punkt: 44–46 grader i 100 høgdemeter (1500–1400 moh) og 40 høgdemeter i 40 grader (1040–1000 moh)
    • Tips: På vårparten tek sola godt i denne austsida og gjer snøen roten
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Austsida av Frudalsbreen. Foto: Frank Optun Smedegård. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå