Sogndalseggi, nordsida av Frudalsbreen 17.4 og Kløvingahaugen og ryggen til Bjåstadbreen 32.1. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Frudalsbreen-Sogn

Breen som går nedover nordsida av Frudalsmassivet mot Vetlebotn med klippepartiet mot Tungeggi, skaper ei mektig kulisse for nedfarten frå toppunktet av Frudalsbreen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1598
    • Høydemeter: 1398
    • Kilometer: 6.8
    • Faremomenter: Skred, bresprekker seint på sesongen
    • Bratteste punkt: 36–40 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timar

    Den klassiske turen ned nordsida til Storebotn er ofte gått som ein rundtur frå Frudalen  (17.1, sjå side 92) til Berge. Dersom ein ønskjer å gå frå Berge kan ein enten gå opp nordsida til Frudalsbreen 1598 moh, eller ein kan nytte nordvestsida til Sogndalseggi som eit alternativ til opptur. Frudalsbreen er også tilgjengeleg frå Anestølen (17.3).

    17.4 Opptur

    Gå ned forbi toalettbygget og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går det ein veg opp til brua som kryssar riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien til Storebotn. Følg slakaste veg opp nordsida til Frudalsbreen. 

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Lengde nedkøyring: 1398 høgdemeter og 6,8 kilometer  
    • Brattaste punkt: 36–40 grader i 60 høgdemeter (840–900 moh) og 30–33 grader i 700 høgdemeter (900–1598 moh)
    • Farar: Skred, bresprekker seint på sesongen

    17.4 Ned nordsida av Frudalsbreen E1, V

    Nordsida av Frudalsbreen er ei mektig fjellside. Frå toppen held du midt i flanken ned mot 900 moh. Vidare ned vert det bratt mikroterreng, og du må gjere gjennomtenkte vegval for å komme deg ned denne delen av nordsida. Frå Storebotn følgjer du sommarstien på nordsida av Besselvi ned dalen til Berge. 

    • Når: Mars–april
    • Farar: Skred, utløpsoner for skred, terrengfeller og bresprekker seint på sesongen 
    • Himmelretning: Nord
    • Lengde nedkøyring: 1398 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 30–33 grader i 700 høgdemeter (1598–900 moh) og 36–40 grader i 60 høgdemeter (900–840 moh)
    • Tips: Gå opp nordvestsida til Sogndalseggi får Berge og vidare over ryggen til Frudalsbreen, slik får du ein flott rundtur.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Nordsida av Frudalsbreen 17.4. Foto: Andreas Haslestad. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå