17.1 Opptur via Tverrelvi

Gå inn langs austsida av Tverrelvi. Ta opp ein søraustleg flanke aust for Frudalsfossen (Fossane). Når ein kjem til 760 moh traverserer ein i nordvestleg retning over ei skredrenne og inn i dalen. Dalen flatar ut og har eit mindre bratt parti fram til kring 900 moh. Her blir dalen smal og brattare opp til 1000 moh. Drei nordvestleg og gå opp den slakaste flanken mot Skjerdingane på Frudalsfjellet. Kring 1200 moh blir det mindre bratt. Drei meir sørvestleg mot Frudalsbreen. Dei siste 150 høgdemeterane er mindre bratte til toppunktet. 

  • Lengd: Lang 5–10 timar
  • Lengde nedkøyring: 1078 høgdemeter og 4,9 kilometer
  • Brattaste punkt: 32–34 grader i 80 høgdemeter (680–760 moh), 36–38 grader i 120 høgdemeter (1060–1180 moh) og 30 grader i 260 høgdemeter (1200–1460 moh)
  • Farar: Skred, terrengfelle og fleire store utløpsområde

17.2 Ned søraustflenken på Frudalsbreen E1, V

Søraustflanken på Frudalsbreen ser ein frå parkeringa ved Frudalstunnelen. Frå toppunktet sklir ein søraustover. Søraustflanken bratnar til frå kring 1400 moh. Terrenget er konvekst, og den vestlege nedfarten har klipper både på vestsida og austsida. Eit alternativ er å følgje opptur-ruta ned mot Skjerdingane på Frudalsfjellet. Følg flanken ned i dalen. Når ein kjem ned dalen held ein nordsida av Tverrelvi ned til parkeringa. 

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Skred, klippeband og terrengfelle i dalen ned langs Tverrelvi
  • Himmelretning: Søraust
  • Lengde nedkøyring: 1078 høgdemeter 
  • Brattaste punkt: Jamt 30 grader i 260 høgdemeter (1460–1200 moh), 36–38 grader i 120 høgdemeter (1180–1060 moh) og 32–34 grader i 80 høgdemeter (760–680 moh)
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.