Normalveg E1, LV

Følg fyrst den bratte vegen inn austover dalen, passer Vårstølen før ein slepp seg ned på myra som leier ein austover mot Vigdalsstølen. Ta nordover i opningar i skogen etter bratt bakke rett etter myra, gå mot dei nordlegaste stølshusa. Finn så open rygg litt vest som leier deg gjennom stadig opnare småskog nordvestover opp fjellet. På om lag 980 moh hald drag mot nordaust, så mot nordvest for å gå slakaste veg opp. Vidare jamt 25 grader opp lettaste veg, men det fordrar å gå rundt enkeltheng på 30 grader pluss. På vel 1300 moh flatar det ut mot den store toppvarden, den er lett å finne i ok sikt. Nedatt er det lurt å køyre der snøen er best! Den direkte linja som er teikna inn på oversiktsbiletet gjev noko brattare skreiing.

  • Lengd: 3,5–5,5 timar
  • Når: November–mai
  • Farar: Små skred
  • Himmelretning: Sør
  • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter, inkludert opp og ned på anmarsjen
  • Brattaste punkt: Opp mot 30 grader (900 moh)
  • Tips: Det er god plass på Buskrednosi, utnytt dette ved å finne den beste snøen i søkk eller på ryggar.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog  eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.