Svarteholten, Blåfjell, Nonsholten og Grånipa frå Nord. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Blåfjellet-Sogn

Frå Gunvordalen ser ein ikkje toppen av Blåfjellet, men den innbydande nordsida ned mot Gunvordalsstølen. Blåfjellet er, og har vore, ein populær topptur frå Hodlekve.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1397
    • Høydemeter: 977
    • Faremomenter: Fjernutløyse skred på austsida av Svarteholtryggen
    • Bratteste punkt: 30 grader
    • Tid opp/ned: 3–6 timar

    Fleire lokale sogndøler har omtalt nordsida som «baksida av Blåfjellet» medan sørsida har vore «framsida». Frå vinteren 2010 kunne ein høyre, nytilflytta toppturentusiastar definere nordsida som «framsida» av Blåfjellet og sørsida som «baksida». Dette språkspelet er eit godt døme på at bruken av fjellet har endra seg gjennom åra. Den solrike sørsida har fått konkurranse av snøkvaliteten i den solfattige nordsida. I denne samanhengen vert omgrepet nordsida brukt om nordsida/nordflanken ned til Gunvordalen.

    3.1 Opptur via Svarteholten

    Følg opptur 2.1. Frå toppen av Svarteholten går det litt ned før toppflanken på Blåfjellet tek til. Dei siste hundre høgdemeterane opp til toppunktet er relativt slake.    

    • Lengd: Middels 3–6 timar
    • Lengd nedkøyring: 977 høgdemeter og 4,4 kilometer
    • Brattaste punkt: 30 grader i 120 høgdemeter (780–900 moh) og 30 grader i 40 meter høgdemeter (1180–1220 moh)
    • Farar: Fjernutløyse skred på austsida av Svarteholtryggen

    Ned nordsida av Blåfjellet

    Toppflanken på nordsida av Blåfjellet ligg mellom Svarteholten og Nonsholten. Flanken er om lag ein kilometer brei. Vi har valt å markere to linjer ned nordsida: Den austlege varianten går ned vest av oppturen via Svarteholten og over eit bratt parti før ein kjem inn på Svarteholtryggen øvst i skogen. Deretter via myrene ned til Gunvordalen. Den vestlege varianten går ned meir midt i nordsida. Linja følgjer det slakaste terrenget nedover til ein møter tre og busker kring 700 moh og vidare over myrene og ned til Gunvordalsstølen. Derfrå stølsvegen tilbake til parkeringa. 

    3.2 Ned nordsida av Blåfjellet, Austleg variant E1, GV

    • Når: Desember–mai
    • Farar: Fjernutløysing av skred. Komplekst terreng der skiløparen påverkar konvekse og konkave former. Vanskeleg side å køyre i dårleg sikt. 
    • Himmelretning: Nord
    • Lengde nedkøyring: 977 høgdemeter
    • Bratteste punkt: 30–33 grader i 600 høgdemeter (1300–700 moh), to passasjer med 34–35 grader 20 høgdemeter (1100–1080 moh) og 100 høgdemeter (900–800 moh)
    • Tips: Hald høgda slik at ein kjem over klippene og ned på myrene under Svarteholten
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    3.3 Ned nordsida av Blåfjellet, Vestleg variant E1, GV

    • Når: Desember–mai
    • Farar: Fjernutløysing av skred. Komplekst terreng der skiløparen påverkar konvekse og konkave former. Vanskeleg side å køyre i dårleg sikt.
    • Himmelretning: Nord
    • Lengde nedkøyring: 977 høgdemeter
    • Bratteste punkt: 30–33 grader i 600 høgdemeter (1300–700 moh), tre kortare passasjer med 34–35 grader (1120–1100 moh), (1000–980 moh) og (800–780 moh). Fleire konvekse og konkave formasjonar i mikroterreng.
    • Tips: Her må ein bruke fleire variablar enn brattheit når ein tek vurderinga av risikoen
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn
    Blåfjell nordsida. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå