Blåfjell, Kambafjell og Hodlekve. / Toppturar i Sogn.
Blåfjell, Kambafjell og Hodlekve. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Blåfjell

Sørsida av Blåfjell er ein klassisk topptur i Sogndalsdalen. Lokalt har denne turen blitt omtala som «framsida av Blåfjell».

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1397
    • Høydemeter: 450
    • Faremomenter: Traversen sør av toppen av Kambafjell går i skredutsett terreng (28–30 grader)
    • Bratteste punkt: Under 30 grader
    • Tid opp/ned: 2–4 timar

    Ved å ta heisen blir det ein relativt kort etappe der ein må lage spor sjølv, og ein kjem raskt opp i sola. Ein kan sjølvsagt gå frå parkeringsplassen om ein ønskjer det. Nedfarten går ned sørsida mot Britasteinen. Nede ved Britasteinen kjem ein inn på merka langrennsløypa som går mellom Hodlekve og Høgehaug. Ei alternativ nedkøyring er ned nordsida av Blåfjellet til Gunvordalen. Denne nedfarten er skildra i neste kapitel (3). Her står det også meir om tolkinga av kva som er framside og bakside av Blåfjellet (sjå 3).

    1.1 Opptur Blåfjell via Kambafjell

    Frå Hodlekve er det vanleg å gjere Blåfjell-turen som ein rundtur. Før den nye heisen mot Vardafjell kjem startar ein med å ta heisen opp til toppen av alpinbakken, 760 moh. Frå heisen følgjer ein eit trakkemaskinspor til Vardafjellet (1,9 km). Neste etappe er opp til Kambafjellet på 1220 moh. Etter Kambafjellet må ein ned igjen 20 høgdemeter før ein byrjar på sjølve Blåfjellet. Ofte går skisporet i ein travers sør om toppen av Kambafjell. Vegvalet går i potensielt skredutsett terreng. Går toppturen til toppen bør du ta turen til den vestlege høgda som er 1401 moh og dermed toppen på Blåfjell. 

    • Lengd: Kort 2–4 timar 
    • Lengde nedkøyring: 450 høgdemeter og 2,7 kilometer frå Vardafjellet 
    • Brattaste punkt: Under 30 grader. Nokre mindre heng som er 30–33 grader
    • Farar: Traversen sør av toppen av Kambafjell går i skredutsett terreng (28–30 grader) 

    1.2 Ned sørsida av Blåfjell E1, L

    Sørsida startar på vesttoppen 1401 moh. Frå toppunktet må ein nokre høgdemeter ned før ein kjem inn på sørflanken. Sørsida ned til Stilledalen har ein høgdeskilnad på 400 moh og er jamt bratt under 30 grader. Siste henget ned i Stilledalen er det brattaste. Dette henget er opp i mot 30 grader bratt. Nede ved Britasteinen kjem ein inn på merka langrennsløype som går ned igjen til Hodlekve.  

    • Når: Desember–april
    • Farar: Skred 
    • Himmelretning: Sør
    • Lengde nedkøyring: Totalt lengde på nedkøyringa 877 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Under 30 grader
    • Tips: Fin intro til topptur
    • Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    1.3 Ned sørsida av Kambafjell E1, L

    Sørsida/søraustsida ned frå Kambafjell går ned aust av Storakupa og vest av Kambagrovi. Når ein kjem ned sørsida sklir ein inn på den merka langrennsløypa mellom Hodlekve og Høgehaug, følgjer denne attende til skisenteret. 

    • Når: Desember–april
    • Farar: Skred 
    • Himmelretning: Sør og søraust
    • Lengde nedkøyring: 700 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 30–32 grader i 40 høgdemeter (880–840 moh)
    • Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Ned sørsida av Blåfjellet. Foto: Vegard Vereide. / Toppturar i Sogn
    Ned sørsida av Blåfjellet. Foto: Vegard Vereide. / Toppturar i Sogn
    FRIFLYT.NO
    +
    Foto: Mattias Fredriksson. Frå Toppturar i Sogn.
    Turområde

    Hodlekve

    Sogndal skisenter, Hodlekve, er eit av dei lokale skisentra i regionen. Det er eit alpinanlegg
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå