Bergsetdalen heiter den innerste delen av Krundalen. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Bergsetbreen

Bergsetbreen vart klatra fyrste gongen av Kristian Bing frå Bergen og den lokale fjellføraren Anders Grov frå Krundalen i 1898. På denne tida var breane større, og ei bretunge strekte seg ut i botnen av breen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Faremomenter: Store og små snøskred, isras, bresprekker, utglidingsfare, terrengfeller.
    • Himmelretning: A, SA, S
    • Bratteste punkt: 30 grader i snitt, parti opp mot 45 grader
    • Tid opp/ned: 6–12 timar
    • Beste sesong: April

    Likevel var det dengong som i dag ein seriøs bretur, spesielt på ei tid med mykje dårlegare stegjern og isøkser. Dei to la i veg, men store sprekker og isras uroa Grovabonden, og han ba om å få snu, han hadde kone og ungar nede i dalen som han skulle ta hand om! Sakførar Bing svarte kjapt at han på si side «hadde en gammel tante i Bergen». Dermed var diskusjonen over og turen fortsette til topps. I dag har Bergsetbreen trekt seg opp i fjellsida og fronten av breen rasar jamnt og trutt ned bratte sva og ned i dalbotnen, spesielt om sommaren og i varmt vêr. Sist gong breen vart klatra opp på sommaren var i 2006, men vinterstid kan breen vere noko sikrare for isras. Dei einaste vinterturane opp og ned på ski per 2013 fann stad i april 2008. Turen krever mykje snø, sikker snø, mykje breerfaring og ikkje minst god timing skal den kunne gjerast trygt. 

    Normalveg e4, MV

    Brefall endrar seg, så den beste og lettaste vegen opp vil variere frå år til år. Ein bør gå opp meir eller mindre same vegen som ein skal køyre ned, ellers kan ein fort hamne i vanskar i sprekkområde. Enklaste veg opp kan gjerne vere ein lang tur rundt via Steinmannen, men om ein vil køyre sjølve fallet, bør/må ein absolutt gå opp her også. Turen vert beskrive som ei direkterute mot Høgste Breakulen. Ver merksam på at per 2013 er det ein såkalla sekundærbre heilt i botnen av dalen som ein må krysse før ein kjem inn på dei brattare svaa som leiar opp til brefronten. Denne breklatten heng altså ikkje saman med resten av breen, men kan ha sprekker og vasshol. Frå sekundærbreen opp svaberg som breen heng utover i 150 høgdemeter. Til omlag 1300 moh er skilauparar eksponerte for isras og snøskred frå to sider. 

    Vidare: eit dalsøkk i isen strekkjer seg oppover vestover på nordsida av fallet, her er isen meir kompakt enn på sidene. Stadig brattare, og ein er utsett for eventuelle isras og snøskred frå to-tre kantar. Etter omlag 700 høgdemeter i utsett terreng kjem ein over ein knekk på omlag 1300 moh. Herifrå er det å navigere gjennom store sprekkområder, retning nordvest langs fjellet for å unngå dei største tverrsprekkene som kløyver breen i toppen av fallet. Terrenget vert slakare og slakare mot 1700 moh, bakken stoggar derimot ikkje før Høgste Breakulen på 1952 moh. For lengst mogeleg nedkøyring går ein heilt på Høgste, dei fleste vil tykkje det er langt nok frå omlag 1700 moh. Ein må rekne lengre tid opp eit brefall enn ellers i fjellet grunna vanskelegare vegval. Følg oppoversporet ditt ned eller køyr der du har sett deg ut trygge område på veg opp. Dårlege vegval kan verte fatale vegval. Det minkar fort på sikre stadar å stoppe når det bratnar på rundt 1300 moh, men sjå etter istårn, blokker eller liknande å stoppe på som skred og ras vil gå rundt.

    • Lengd: 6–12 timar
    • Når: April
    • Lengde nedkøyring: 1600 høgdemeter om ein går heilt på Høgste Breakulen
    • Himmelretning: A, SA, S
    • Bratteste punkt: Breane endrar seg, spesielt på 2000-talet har Bergsetbreen vorte brattare i hovudfallet grunna smelting i botn. Gradetala her er derfor generelle og bør ikkje ta kast for mykje omsyn til. 30 grader i snitt (500–1600 moh), over 35 grader, parti opp mot 45 grader (700–1300 moh)
    • Farar: Store og små snøskred. Breen er i rørsle også om vinteren, spesielt i bratte fall som Bergsetbreen. Isras kan trigge snøskred i Bergsetbreen og Baklibreen. I tillegg til at isras er ein fare i seg sjølv. Sol og varme er svært negative faktorar på denne morgonsolvende breen. Dei mest sprekketrygge områda er dei mest snøskredutsette, fordi ein er i eit søkk, eller skredrenne. Lang eksponeringstid. Bresprekker, utglidingsfare, terrengfeller.
    • Tips: Kjem du opp, men ikkje nedatt grunna vêr eller terreng; tenk på alternativ retur på førehand. Alternative nedkøyringar gjev mykje lengre tur. 
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle.  Fall vil vere livsfarleg, og vil så i dei fleste tilfelle vere fatalt. Det krevst svært stor dugleik for å ferdast sikkert i slikt terreng. Eit bratt parti i seg sjølv treng ikkje kvalifisere for  E4. Det er konsekvensen av eit fall eller utgliding som skildrast. Oppturen vil nesten alltid krevje stegjarn, isøks og sikringsutstyr.
    Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
    Fyrstemann ned Bergsetbreen 1. april 2008, store snømengder gjorde turen mogeleg. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå