Skal ein stå ned sørvestsida bør ein gå den opp for å få informasjon om snøforholda og unngå terrengfella i Tverrdalen. Frå Anestølen går ein 1,6 kilometer vestover i Langedalen. Ein går så opp det slakaste terrenget i sørvestsida av Barnakona. Det er jamt 40 grader bratt med parti opptil 45 grader som er konvekse. Ein kan sikte seg inn på sørryggen nedanfor toppen og følgje sørryggen dei siste 100 høgdemeterane opp til toppen. 

  • Lengd: Lang 5–10 timer 
  • Himmelretning: Sørvest
  • Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter til Anestølen
  • Brattaste punkt: 40 grader i snitt i 560 høgdemeter frå (720–1280 moh). Korte passasjar på 45 grader.
  • Tips: Anbefalt som vårskitur, men seint på våren er denne sida veldig utsmelta

21.2 Ned sørvestsida av Barnakona E3, MV

Direktelinja frå toppunktet har ein konveks inngang slik at ein ikkje har oversikt over terrenget dei første 100 høgdemeterane. Eit alternativ til direktelinja er å følgje ryggen sørover mot Anestølen dei første 100 høgdemeterane. Dette alternativet gjev betre oversikt over øvre delen av sørvestsida. Sørvestsida har to konvekse parti, og det er ingen trygge stoppestadar her.

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Stein i øvre del og skred
  • Himmelretning: Sørvest
  • Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter til Anestølen
  • Brattaste punkt: 45 grader i 100 høgdemeter (1340–1240 moh) og 40 grader i snitt i 560 høgdemeter (1280–720 moh). Korte passasjar på 45 grader.
  • Tips: Anbefalt som vårskitur, men seint på våren er denne sida veldig utsmelta
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

21.3 Opptur Austsida

Frå Anestølen følg Tverrdalen nordover. Mot slutten av dalbotnen skjærer ein rygg nordvestover. Følg den slakaste ryggen til du når den austlege skuldra til Barnakona. Avhengig av kor skavlane ligg i austsida, nord for toppunktet, kan du sikte deg inn på nord- eller sørryggen av toppunktet. Ved den sørlege varianten er ein utsett for skred på traversen sørvestover over eit klippeparti. 

  • Lengd: Lang 5–10 timer 
  • Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter og 6 kilometer sørvestsida/6,7 kilometer austsida
  • Brattaste punkt: Austsida er jamt rundt 30–33 grader (800–1398 moh), passasjar på 35 grader.
  • Farar: Store skred. Tverrdalen er ei stor terrengfelle og ein er utsett for store skred frå begge sider. Difor ein tur som bør gjerast på svært stabile forhold.

21.4 Ned austsida av Barnakona E2, V

Austsida har to startalternativ: Skavlen på toppen kan vere avgjerande for dette valet. Sørleg alternativ følgjer ryggen mot Anestølen først før ein traverserer mot nord til austskuldra. Det nordlege alternativet blir på eigna stad på skavlen. Desse variantane møtast på austskuldra, kring 1250 moh. Følg ryggformasjonen ned til Tverrdalen, eventuelt Tverrdalskyrkja, og derfrå ned Tverrdalen til Anestølen. 

  • Når: Mars–mai
  • Farar: Skred og terrengfelle i Tverrdalen
  • Himmelretning: Aust og sør
  • Lengde nedkøyring: 957 høgdemeter til Anestølen
  • Brattaste punkt: 30–33 grader i 600 høgdemeter (1398–800 moh), passasjar på 35 grader
  • Tips: Anbefalt som vårskitur
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.