Asbjørnsnosi sett frå normalvegen til Hest, på veg attende til topp 1360 rett nord for Nonskar. Foto: Arnt Flatmo. / Toppturar i Sogn.
Asbjørnsnosi sett frå normalvegen til Hest, på veg attende til topp 1360 rett nord for Nonskar. Foto: Arnt Flatmo. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Asbjørnsnosi

Toppvarden på Asbjørnsnosi er eit meisterverk, og det er fjellet også, spesielt for skilauparar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Toppunkt: 1610
    • Høydemeter: 1300
    • Faremomenter: Skred/terrengfelle i traversen, orienteringsvanskar
    • Himmelretning: A, S, N, V
    • Bratteste punkt: 32 grader
    • Tid opp/ned: 4–8 timar
    • Beste sesong: November–mai

    Asbjørnsnosi sine enorme flankar kan nåast på minst tre ulike måtar, det vanlegaste er nok å gå frå Leirdalen, sjølv om ein må tape litt høgde ved eit høve for å nå toppen herifrå. Asbjørnsnosi er nabo med Skogafjellet, eit 50 meter djupt skar skiljer toppane og er såleis ikkje til særleg hinder for å vitje begge fjella.

    Normalveg E1, LV

    Om ein følgjer ruta mot Grøndalseggi er ein også på veg til Asbjørnsnosi. På litt over 1200 moh går ein sørover over ryggen og traverserer ei side inn og litt ned i Vetle Grøndalen. Gå omlag til vatnet på 1244 moh og gå sørover i småterreng mot Buskrednovi, drei så austover mot toppen av Asbjørnsnosi. Nedatt same veg, om ein ikkje har taxi-pengar, eventuelt litt brattare variant frå toppen mot Vetle Grøndalen. 

    • Lengd: 4–8 timar
    • Når: November–mai
    • Farar: Skred/terrengfelle i traversen, orienteringsvanskar 
    • Himmelretning: A, S, N, V
    • Lengde nedkøyring: 1300 høgdemeter med litt opp og ned
    • Brattaste punkt: 32 grader (1200 moh), gjennom traversen inn i Vetle Grøndalen.
    • Tips: Asbjørnsnosi har tre-fire flotte sider å utforske, med snøsikker og flott skikøyring. Fjellet kan nåast som en lang tur frå Sogn skisenter, eller fra stølane frå søraust og fjellvegar i aust.
    • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog  eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
    Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
    Tungt utstyr på toppen av Asbjørnsnosi. Hunden Jølle let seg ikkje merke av januarkulda. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Tungt utstyr på toppen av Asbjørnsnosi. Hunden Jølle let seg ikkje merke av januarkulda. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    FRIFLYT.NO
    +
    Foto: Anne Marte Snøtun. / Toppturar i Sogn.
    FJELLSKI

    Norges største skibakke

    Noregs største skibakke ligg i Leirdalsfjella. Dette er gjerne ein dryg påstand, men kva fjell
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå