Torstadnakken frå søraust. / Toppturar i Sogn.
Torstadnakken frå søraust. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Torstadnakken

Torstadnakken er ein av dei klassiske fjellskiturane i Sogndalsdalen. På stølen Grøssete 850 moh ligg ei av Sogn og Fjordane Turlag sine ubetjente hytter.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Sogndalsdalen
    • Toppunkt: 1565
    • Høydemeter: 1145
    • Kilometer: 7.7
    • Faremomenter: Enkelte stader passerer ein utlaupsoner
    • Bratteste punkt: under 30 grader
    • Tid opp/ned: 5–10 timar

    Frå Grøssete er det omlag 5 kilometer til Torstadnakken, 1565 moh. Ein alternativ tur, som har ei meir direkte fallinje er å gå frå Kvam/Torstad. Denne turen er betre egna for toppturski, spesielt om ein traverserar bort til Kvamshalsen på veg ned igjen til Kvam.  

    Grøssete parkering: Frå Sogndal sentrum følgje ein riksveg 5 til avkøyringa mot Kleiv som er rett etter avkøyring til Hodlekve skisenter. Parker på egna plassar ved Svedal. Frå Fjærland følgje ein riksveg 5 til avkøyringa mot Anestølen og Selseng. Følg Dalavegen nedover til Svedal.

    Torstad/Kvam parkering: Frå Sogndal sentrum, eventuelt Fjærland, følgje ein riksveg 5 til Anestølen og Selseng. Følg Dalavegen nedover til Torstad/Kvam. Parkeringa er ved Torstad/Kvam.

    26.1 Opptur via Grøssete

    På turkartet for Sogndal – Leikanger er vinterløypa teikna inn på kartet. 

    • Lengd: Lang 5–10 timar
    • Lengde nedkøyring: 1145 høgdemeter og 7,7 kilometer
    • Brattaste punkt: Turen kan gjerast under 30 grader
    • Farar: Enkelte stader passerer ein utlaupsoner

    26.1 Ned Torstadnakken via Grøssete E1, L

    Frå Torstadnakken følgje ein same veg ned som opp. På turkartet for Sogndal – Leikanger er vinterløypa teikna inn på kartet. 

    • Når: Desember–mars/april
    • Himmelretning: Sør 
    • Lengde nedkøyring: 1145 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Turen kan gjerast under 30 grader
    • Farar: Utlaupsone for skred kring 900 moh og skred
    • Vanskegrad: Lett. Stor og jamn side med svak helling. Grei skog vanlegvis. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    26.2 Opptur via Myllobotn

    Følg austsida av Kvamselvi opp til ein kjem inn på traktorvegen. Følg denne og ta venstre i første kryss. Etter kvart kjem ein inn på eit ope området og i øvre del av dette området kryssar ein gjerdet. Granplantefeltet er blitt opnare etter stormen Dagmar. Forsett sommar stien oppover til skogen blir opnare. Gå opp til ei lita hytte kring 800 moh før ein går nord/nordvest over til Myllobotn. Ved Myllobotn drei vest og gå opp det slakaste partiet av austflanken til ein er på sørryggen til Strandafjellet. Strandafjellmasivet går over til å bli Torstadnakken over 1400 moh. 

    • Lengd: Middels 3–6 timar 
    • Lengde nedkøyring: 1145 høgdemeter og 5,2 kilometer
    • Brattaste punkt: Under 30 grader om ønskeleg
    • Farar: Skred, terrengfelle i bekkedalen sør for Myllobotn

    26.2 Ned sørsida av Torstadnakken via Myllobotn E1, GV

    Frå Torstadnakken følgjer ein sørleg rygg ned til området som er omtalt som Strandafjellet på kartet. Drei ned austflanken kring 1180 moh på Strandafjellet. Eit tips er å traversere ein liten kilometer kring 900 moh frå Myllobotn og søraustleg til Kvamshalsen 900 moh. Då får ein ei rettare fall-linje samt at skogen ned frå Kvamshalsen har nokre gode kvalitetar. Når skogen blir tettare søker ein inn på sommarstien som fører ned til granfeltet. Stormen Dagmar rydda breiare veg gjennom dette granfeltet. 

    • Når: Desember–mars/april
    • Farar: Skred og terrengfelle i bekkedalen sør for Myllobotn
    • Himmelretning: Sør 
    • Lengde nedkøyring: 1145 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Denne turen kan gjerast under 30 grader om ønskeleg.
    • Tips: Ein kan ta ei brattare (over 30 grader) meir direkte linje ned mot Myllobotn.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Oversiktskart over Sogndalsdalen og Fjærland. Frå Toppturar i Sogn.
    Kvamshalsen frå vest. / Toppturar i Sogn.
    Kvamshalsen frå vest. / Toppturar i Sogn.
    FRIFLYT.NO
    +
    På veg mot Spefjellet. Foto: Andreas Haslestad. / Toppturar i Sogn.
    Turområde

    Austsida av Sogndalsdalen

    Det er fleire fine toppturar på austsida av Sogndalsdalen. Tyldringen 1104 moh er ein moderat
    Les mer
    Allerede abonnent? Logg inn her

    Bestill abonnement og få tilgang til artikkelen.

    Fri Flyt skriver om heis- og toppturbaserte skiopplevelser som vil inspirere deg til egne turer. Vi gjør grundige tester som gjør at du velger riktigere utstyr. Vi møter skikjørere som lever for livet på snøen – slik som deg.

    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå