Vangsen er ein kjend sommarskiplass, og dei fine vårlinjene der vert omtala i kapittelet Vanndalen og Geisdalen. Men også framover dalen mot Styggevatnet er det vanleg å køyre fine, halvlange skibakkar til langt inn i juli, og det med minimal anmarsj. Superentusiastane som står på ski om sommaren kan få oppleve både sommarlaussnøfall og fin slush i brenære omgjevnadar, men roten snø og steinskjer i skia er sjølvsagt heller ikkje uvanleg. Start skituren tidleg på dag, eller vent til snøen har fent seg. At snøen har fent seg tyder at den har sett seg til sommarsnø. Mykje gul voks og kortbukse bergar skidagane i juni og juli, ein is og leskedrikk på Breheimsenteret eller Hotellet er ein fin avslutning på dagen. Det er ingenting i vegen for å ta seg ein bretur, klatretur eller vere med på rafting eller elvebrett seinare på dagen, for på sommaren har Jostedalen mykje artig på tilbodlista. Enkelte haustar ligg det att gamal snø om hausten på nokre av dei rutene som vert omtala her, ved dei fyrste snøfalla kan ein då få gode turar i laussnø rundt Styggevatnet i oktober. 

Komme hit: No skal ein til heilt til endes i den lange Jostedalen, køyr til Fåberg og hald til venstre, ikkje stopp før du møter snøen. Vegen vert brøyta til Styggevatnet eingong mellom 15. juni og 15. juli, kontakt Breheimsenteret for info om dette. Parker ved foten av dammen der det er flust i gode parkeringsplassar.