Anlegget er plassert i enden av fjellryggen som strekkjer seg frå Jostedalsbreen, mellom kommunesentra Sogndal og Gaupne. Her fins barnetrekk og restaurant med meir. I 2014 vert Modvotrekket bygd. Det aukar fallhøgda til omlag 680 meter. 

Toppen av trekket er eit fint utgangspunkt for mindre bratte turar innover fjellet, Asbjørnsnosi frå sør er den grommaste turen herifrå. Molden, Sfinxen i Lustrafjorden ligg rett vest, ein kort køyretur tek deg til vanlegaste startpunktet på Krossen. Mange vil vel likevel seie at det beste med Heggmyrane er villsnøen. Mykje løypenær laussnøskreiing i hovedbakken, dei lange og flotte nedturane mot Hafslo i sør og Dalsdalen mot nord byr på store og opne snøbakkar.