Legg merke til sprekkområda på Såta. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Såta

Leirdalen sitt svar på Mont Blanc er ein gedigen brekuppel rett nord for veslebror Hest. Turen vert sjeldan gått grunna lengda og mykje opp og ned langs ryggen, men kan gjerast rett opp frå vatnet på gode tilhøve.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Toppunkt: 1701
    • Høydemeter: 1250
    • Himmelretning: A
    • Bratteste punkt: 30–35 grader
    • Tid opp/ned: 4–6 timar

    Vi vel å beskrive denne varianten. Av dei verkeleg lange bakkane i Sogn er denne ein av dei enklast tilgjengelege, om isen på vatnet er trygg å gå over. Det er likevel sjeldan å gå opp denne noko skredutsette, bredekte og svære sida, spesielt om vinteren. Denne direkteruta kan ein også gå mot Hest, men vi rår til å berre bruke ei rute direkte frå vatnet på trygg snø og mykje snø grunna bresprekker, skog og hamrelag nede mot vatnet.

    Normalveg E2, V

    Gå vegen til dammen, slepp deg ned på vatnet og gå over mot Hesthaugsmarki og opp slakaste veg skråande nordover. Her kan det vere eit herk å gå! Eventuelt kan ein gå meir direkte rett sør for Hesthausva og tråkle seg opp her. Deretter inn på ryggen sør for Kvitesandsgrovi og følg ryggar til breen rett nord for ryggen på Hest. Breen kan vere bratt i fronten og dermed vere oppsprukken her. No følgjer 400 høgdemeter med jamnt breterreng til topps. Ver obs på sprekker i konvekse formasjonar. 

    • Lengd: 4–6 timar
    • Når: Februar–mai
    • Farar: Skred, bresprekker, islagt regulert vatn, komplisert skog og hamrelag/terrengfeller. 
    • Himmelretning: A
    • Lengde nedkøyring: 1250 høgdemeter frå vatnet
    • Brattaste punkt: 35 grader (550–590 moh), 30–35 grader (960–1000 moh) og 30 grader (1180–1200 moh)
    • Tips: Mykje konvekst terreng og lite oppstikkande stein gjer det naudsynt med god sikt for dei beste rutevala. Gode sjansar for laussnø seint på året i skuggen av Hest.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Jostedalen. Frå Toppturar i Sogn.
    Dunsnø i Leirdalen. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå