Store toppar og lange turar er Leirdalen sin mest kjende forse, og mykje moderat bratt terreng og store snømengder gjer Leirdalen til eit sikkert val på skitur. Hest og Asbjørnsnosi er dei store klassikarane, men kortare turar er vel så bra for skikøyringa sin del. Skogen og småterrenget i Leirdalen gjev bratte, leikne linjer og nedsnødd storsteina ur. Puter med andre ord. Leirdalen nyt godt av snøbyger frå kysten i nesten like stor grad som Sogndalsdalen samstundes som innlandsklimaet syter for snø når det regnar lengre ute. Her er ein av dei tidlegaste stadane ein kan gå langrenn på Vestlandet og i heile Noreg på hausten. Flotte løyper snirklar seg mellom småbruka under dei kvite toppane. Skiløypene vert køyrt opp ofte grunna snøfall i tide og utide, og skispor i fjellet finn ein heile skisesongen. Men slapp av, i fjellet vert aldri snøen oppkøyrt! 

Toppane mellom Asbjørnsnosi og Såta har vorte vitja også frå vest, frå Veitastrondi. Store skålformer, lange ryggar og skredlaup dannar denne sida ned mot Veitastrondvatnet, med bakkar utan slake opphald 1500 høgdemeter lange.