Vanndalsvegen vert brøyta hit heile vinteren, og ein kan då starte turen frå 550 moh. Vangsen er det mest kjende turmålet frå Myri, men Geisdalen kan vere finare dei kaldaste og mørkaste vintermånadane grunna meir sol. Vanndalsvegen går heilt opp til Vanndalsvatnet på 1050 moh. Så tidleg på året, og ikkje minst på våren er det berre å følgje etter snøen etter kvart som det smeltar eller eventuelt vert brøyta. Dette gjer at spesielt Vanndalen er fin for skiturar langt utover sommaren. Vanndalen og Geisdalen byr på flotte klassikarar som tradisjonelt har vore gått på fjellski, men trygge og slake oppoverturar kan lett konverterast om til bratte nedturar. Alle turane frå Vanndalen kan avsluttast med å skreie heilt ned i Krekane i rydda skogsterreng rett under Vanndalsstølen. Det er også andre skogslinjer meir direkte frå Myri.

Komme dit: Ta av til Espe over Høgebrui, køyr forbi samfunnshus og skule, 200 meter seinare stoppar ein ved bommen (50 kroner). Opp høgre ligg Vanndalsvegen. Køyr denne til Myri, eventuelt tidlegare/seinare på året lengre opp, pass på sauer i vegen frå mai/juni og utover.