Vegen stoppar ved garden Bergset, her er ein nesten omringa av Jostedalsbreen. Seks brearmar drenerer ned i Krundalen og breane er det største blikkfanget sommarstid når ein køyrer gjennom ein breforma, frodig u-dal. Vinterdagen er Krundalen eit veritabelt snøhol, og då går breane nesten i eitt med resten av terrenget. Breturane her kan vere krevjande og farlege, men om ein mestrar breen får ein spesielt flotte omgjevnadar og spennande opplevingar. Sikringsutstyr og redningsutsyr tilpassa dei ulike turane og tilhøva er sjølvsagt, konsekvensane av å hamne I ein bresprekk er som regel stor.

Komme hit: Køyr framover Jostedalen til Gjerde, så over Snåpebrui over Krundøla, deretter venstre skilta mot Bergset i det som heiter Europasvingen. For ein krundøl er det Europa som er neste stogg sørover. Køyr vegen til endes og om du er her seint på året er det ein parkeringsplass utbrøyta på nedsida av vegen rett før gardane. Om det ikkje er brøyta enno, spør om kvar du kan parkerere då skulebussar og traktorar treng snuplass.