Frå Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Kollen

Ei bratt linje i Vigdalen som sjeldan vert gjort, både fordi den gjev litt lang opptur og fordi toppen av nedfarten er skredutsett.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sogn
    • Underområde: Jostedalen
    • Toppunkt: 1100
    • Høydemeter: 550
    • Faremomenter: Skred, her går det store naturlege flakskred nesten kvar vinter. Skavl ved bomming på ruta.
    • Himmelretning: A, N
    • Bratteste punkt: 30–35 grader
    • Tid opp/ned: 2, 5–3 timer
    • Beste sesong: Desember–mai

    Det byggjer seg opp mykje snø her, då linja ligg i le for ei vestaveret og i tillegg har eit stort henteområde. Premien er ei flott opa side/rygg før ein avsluttar i skog med storstein og hamrar, artig for dei som likar litt luft under skia. Om ein kombinerer denne turen med Fivlenosi vert nedkøyringane jamne og bratte. 

    Opptur

    Same veg som mot Fivlenosi til omlag 900 moh, då ein går vestover over slakt terreng og tek etterkvart høgde mot Kollen. Linja som er innteikna går ikkje frå topp 1178, då det er temmeleg slakt heilt inn på denne toppen. Vi rår til om ein berre er her for å skreie på ski til å halde 1100-meterskota bort til starten av nedturen rett vest for Kollen 1158. Det opplagte søkket i terrenget bør ein normalt sett holde nord for, då dette gjev den minst utsette linja for skred. Her sklir ein nemleg på ein svak ryggformasjon frå omlag 1080 moh og ned til 900 moh der det slakar ut. 

    8.1 Ned E2, V

    Sjå deg ut ei linje i skogen nedanfrå under oppturen. Elva er som regl grei å krysse. Vigdøla er regulert og minstevassføringa er per 2013 fortsatt trua av nye utbyggingar. Det er stor vilje i Vigdalen for å kjempe for det som er att av elva.

    • Lengd: 2, 5–3 timer
    • Når: Desember–mai
    • Farar: Skred, her går det store naturlege flakskred nesten kvar vinter. Skavl ved bomming på ruta.
    • Himmelretning: A, N
    • Lengde nedkøyring: 400 + 150 høgdemeter ned til bilen fra Svartetjørn
    • Brattaste punkt: 30–35 grader (860–1080 moh), parti over 35 grader omlag 860 moh
    • Tips: God orientering må til for å treffe det beste rutevalet. Er det vindteikn i snøen på den aktuelle linja i dag?
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg.Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Jostedalen. Toppturar i Sogn.
    Frå Kollen. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå