Ta første veg til høgre og køyre nedover til du møter vegen som går opp til garden Horpedal. Vegen endar i eit gardsstun. Parker derfor nedanfor, eller etter avtale med bonden. Frå Horpedal kan ein gå til Middagshaugen/Skredfjell, Nyastølseggi, Steindalsnipa, Steindalseggi og til Fremsta Ryssenipa. Ein kan også ende i Horpedal etter ein rundtur frå Anestølen, Frudalen eller Berge.