Særskilt bra er den heisnære laussnøkøyringa i skogen. Ein kan finne uspora snø og leikent terreng heile vegen frå toppen av skiheisen og ned til riksvegen. Skisenteret organiserer buss opp igjen frå riksvegen når det er gode laussnøforhold. Informasjon om Laussnøbussen får ein i heisbua og det går skibuss frå Sogndal sentrum til skisenteret. Ein av dei tradisjonelle toppturane i Sogndalsdalen er frå Hodlekve til Blåfjell med nedkøyring via sørsida. Ein kan også gå på kortare toppturar til dømes Kambafjell. Hodlekve er også utgangspunkt for fleire fine fjellskiturar. 

I tillegg har Hodlekve også preparerte løyper for langrenn og ein ny barneskiheis. Godt plassert mellom alpinbakken, parkeringa, barneskiheisen og langrennsløypene ligg SIL-hytta med ein fin kafé og varmestove. Hodlekve ligg ved nedre enden av Dalavatnet, 13 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er skilta til Hodlekve skisenter frå riksveg 5. Sogndal skisenter held på med ei større utbygging. Vinteren 2013/2014 kjem eit nytt skitrekk i Rinden. Den gamle heisen blir renovert. Neste vinter er det prosjektert ein ny skiheis som går mot Teigafjellet/Vardafjellet. Denne heisen vil ha endestasjon kring 900 moh.