Oppturane til nordsida av Svarteholten, Blåfjellet og Nonsholten, samt oppturane til austsida av Grånipa og Togga startar rett ved parkeringa. Likar ein å gå litt lengre, når ein også Høgafjellet, Synnevaskjer, Myrdalsbreen/Voggebreen, Gunvordalsbreen og Nystølsfjellet herfrå. Når ein er kommen opp er det berre å ta av fellene, og nyte nedturen heilt attende til parkeringa.

Parkering: Brandhaugadn toppturparkering ligg 17,5 km frå Sogndal og 4,5 km frå utgangen av Frudalstunnellen. Parkeringa vart opna hausten 2012, som følgje av eit samarbeid mellom Sogndal kommune og Bratt Moro. Det er ein betalingsparkering, så kjøp enkeltbillett via mobiltelefon eller sesongkort for toppturparkeringane i Sogndalsdalen på kommunehuset. Det er infoskilt på parkeringa.