Som fleire av sidedalane til Sogndalsdalen har Frudalen fjellsider med fleire himmelretningar å velje i. Frudalen kan by på mange flotte toppturar og ein har moglegheit for fleire rundturar. Skituren ned brearmen på nordsida av Frudalsbreen til Vetlebotn og derfrå ned til Berge er ein topptur vi anbefalar. Frå parkeringa kan ein nå fjella Togga, Nystølsfjellet, Skjerdingane, Salen, Bjåstadbreen, Vikaeggene, Frudalshesten, Tungeggi, Frudalsbreen, Skjerdingane på Frudalsfjellet og Lammanipa. Ein kan gå nordover til Sogndalseggi eller ein kan gå sørover til Gunvordalsbreen og Myrdalsbreen/Voggebreen for å renne ned i Gunvordalen. Frudalen er den høgastliggande delen av Sogndalsdalen som ein når med bil. Dette gjer til at topptursesongen i Sogndal ofte startar og sluttar her.

Parkering: Frå Sogndal er det 22 kilometer til Frudalstunnelen. Det er ein betalingsparkering, så kjøp enkeltbillett via mobiltelefon. Det er infoskilt om parkeringa.