Går ein ned til Bjåstad ved fjorden og kryssar brua over Bergselvi kan ein gå opp til Kløvingahaugen. Forsette ein denne ryggen kjem ein til Bjåstadbreen, 1602 moh, via Nonsskareggi og Vikaeggene. Denne turen gjev flott utsikt utover Fjærlandsfjorden og ein kan nytte nedfart 15.4/15.3 nedatt i Frudalen.

Det er også mogleg å gå turar frå Anestølen og Frudalen som endar i Berge. Med Frudalen, 520 moh, som startpunkt og Berge, 200 moh, som endepunkt kan ein få 300 høgdemeter ekstra skikøyring.