Spefjellet 1103 moh har fin skogskøyring når det er mykje snø. Klassikaren på austsida av Sogndalsdalen er Torstadnakken 1565 moh. Torstadnakken har to variantar, den tradisjonelle med fjellski via Grøssete og ein topptur variant som går via Myllobotn frå Torstad. Kvamshalen er ein fin tur når det snør og ein vil ha god skogskøyring. Første del av Sogndalsdalen rundt går nordover austsida av dalen frå Nuken, til ein dreiar sørvest ved Steindalsnipa og går vidare via Sogndalseggi.