Med Anestølen som utgangspunkt kan ein nå fjella Lammanipa, Skjerdingane på Frudalsfjellet, Frudalsbreen, Sogndalseggi, Grøneskredene, Steindalseggi, Steindalsnipa, Barnakona, Nipa, nordlege delen av Torstadnakken og Tverrdalstind. Frå Anestølen kan ein også gå turar til Berge i Fjærland eller til Frudalen. Innmarsjen til Anestølen gjer til at fjella her er mindre brukt. Dette igjen gjer at det er mykje uspora snø.

«Å, jeg vet en seter, med så mange gjeter, ..» skreiv Margrethe Munthe med inspirasjon fra Anestølen. Ho leigde i fleire somrar ei hytte på Selseng. Den kjente barnesangen skreiv ho til budeia Anne Selseng på Anestølen.