Det er mest vanleg å gjere denne turen som ei runde opp via Trollebotnen og Trollebotsegga, og ned att nordsida via Bjørnaholene. Ruta opp Trollebotsegga går i alpint landskap. Som nedkøyring kan du først «mate på» i ei bratt side, og som dessert får du med deg interessant køyring langs morenerygg nedst mot Myklebustdalen. Bon appétit!

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. På Myklebust tek du av mot Dvergsdalsdalen og køyrer langs den kommunale vegen til du kjem fram til toppturparkeringa i vegkrysset mellom Dalheim og Svorheim. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Køyr vegen fram til same toppturparkeringa.  

Følg skogsvegen til Dvergsdalsstøylen, deretter kryssar du elva frå Fagredalen. Hald fram sørover til du rundar Nyken utan å ta høgde, slik at du følgjer dalføret sørover inn mot Trollebotnen. Ved vatnet i Trollebotnen svingar du vestover og følgjer ryggen opp sida. Når du kjem opp på egga følgjer du den sørover mot Trollebotsegga og vidare til Søthaugsfjellet.