Sjølv om dette ikkje er nokon opplagd topp å gå på ski til, finst det nokre fine, korte linjer på dette fjellet.

Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen

Følg rute 3.2 inn Skagadalen og opp på Skagastølsbreen. Frå breen ser ein renna som startar der austryggen reiser seg mot søre Dyrhaugstind. Inngangen på renna er fem meter frå innsteget på klatreruta «Søre Dyrhaugstind» frå Bandet. Gå enten renna opp frå breen eller nå henne ved å følgje austryggen frå Bandet til veggen reiser seg.