«Dronninga av Sunnfjord» er eit ynda mål for både brevandrarar og skientusiastar, og eignar seg godt både som topptur og på fjellski. Både frå Høyset og Veiteberg går du i eit dramatisk fjellområde med bratte heng, brefall og langstrekte vidder innover breen. Ruta frå Høyset blir brukt som ekspedisjonstur av familiar med spreke barn og ungdommar. Frå toppen har du utsikt ut i havet mot vest, og mot Hurrungane og Lodalskåpa i aust. 

Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek på Klakegg av i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg held du fram på fv453. Om du vil gå turen opp via Veitebergsdalen startar du turen på Veiteberg. Nokre hundre meter etter at du har passert brua over Veitebergselva, kjem du til ein skogsveg som går opp i Veitebergsdalen. Her er det mogleg å finne parkering.  Om du vil ha oppstigning via Haugabreen tek du av på Høyset på fv453 der det er skilta mot Høyset Camping.  Parker ved utkøyringsplassar langs grusvegen ved campingplassen, eller nede ved fylkesvegen. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint om våren kan bomvegen mot Haugastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen. 

Du følgjer skogsveg opp Haugadalen, der lokale stadnamn som Moseskreda og Jakobskreda fortel om eit skredutsett område i det flate partiet av vegen. Frå Haugastøylen følgjer du dalen på vestsida av elva nordover mot Haugabreen.  Opp brefallet er det vanlegast å gå langs midten av brearmen. Der breen flatar ut held du fram nordover til du har passert fjellhamrane på venstre sida. Rett etter desse dreiar du mot vest, og går brattare opp brefallet som vender opp mot høgda 1670 moh. Når du er kommen opp det brattaste partiet ser du toppen mot nordvest, og svingar gradvis mot denne.