Midt i denne nordvende rekka ligg fjellet med det ­passande namnet Snøheia. Når du klyv oppover den tilsynelatande bratte og uframkommelege lia, vil du bli overraska over den gøymde skiperla som dukkar opp med flott utsikt over ­Viksdalsvatnet.   

Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum køyrer du rv13 fram til Eldalsosen og tek av til fv610 som skiltar mot Sande. Ved Vikane tek du av mot Rørstadbotnen.

Frå Rørstadbotnen går du mot vest fram til Rørstadstølen. Frå stølen går du mot sørvest langs ein svak ryggformasjon mellom to mindre elvar. Du held fram i same retning heilt til du kjem opp på høgdene like aust for Randifjellet. Over desse høgdene svingar du gradvis mot søraust.  Det er no ei kort oppstigning til neste høgdedrag, før du tek til på dei siste bakkane opp til toppen av Snøheia som ligg mot aust.