Den vestvende fjellsida er dessutan godt eigna for skikøyring i ­solnedgang. Undervegs får du utsikt over Førdefjorden og fjella rundt. 

Tilkomst/parkering: Frå Naustdal følgjer du rv5 mot Florø. Ta av til høgre mot fv512 før Naustdalstunnelen. Ta så av mot fv511 skilta mot Åsedalen. Følg vegen heilt inn til ­Kleppstølen der du kan parkere. Kjem du frå Førde, kan du ta ein snarveg over Hesjedalen. Ta av frå rv5 mot Klopstad like etter Erdalen. Her er det 10 kroner i bompengar. Ta til høgre når du kjem over Espe. Følg vegen vidare til Kleppstølen. 

Frå Kleppstølen går du traktorvegen oppover til du kjem til Stehogestølane. Ta av frå traktorvegen og gå i søraustleg retning mot ein ås/rygg ved foten av fjellet, før du kryssar opp vestsida, og held fram mot Smådalsnipa i oversiktleg og lett kupert terreng.